Notholmen – Ei Rundreisa i Min Barndoms Verden…

Idag blei me velsigna med ein fantastisk sumardag, ein sumardag me ikkje har sett lignande av på lange tider.. Me sko egentlig inn å bada med strandå hos søster mi, men idag morgens ringte bror min å lurte på om me ikkje sko kjøra inn te Notholmen.. Egentlig ikkje ein holme, men meir ei litå halvøy med 2 små strender som møte kvarandre i midten..

Min og bror min sin barndomsplass kvar einaste St.Hans kveld, der me gjekk og bada når me va små og fanga reker og krabbe..

Sjølsagt syns eg det va ein strålande plan, i detta nydeliga været me vakna te.. Me har vært der ein gang før.. Eg, Kånå og Flokken.. Når eg sko gjennomføra denna her utfordringen som gjekk som ein farsott på Facebook, for nåken år siden.. Kor eg jumpa ut i vannet tidligt i Mai, og holdt nesten på å stryka med når eg traff isvannet..

Men idag så sko de få oppleva Notholmen på sitt besta, med godt øve 20 varmegrader og strålande sol fra ein blå himmel..

 

Me pakka kjeks, husholdningssaft og solkrem, stua Flokken i bilen og suste innover mot min barndomsplass.. Der eg bodde fram te eg va 10 år, og grunnlaget for min barndomsverden blei lagt.. Midt i fjorden mellom Hervik og Skjoldastraumen, der Borgøy begynne eller slutta.. Alt itte kossen man ser det.. Me parkerte på vår egen Katthult, ei litå ekra som blei brukt te campingplass, fotballbane og andre lignande ting.. I gamle dagar..

Før me rusla nerover sjøbakken og svingte te venstre ner mot Notholmen..

Bror min og familien fra Bodø og mine foreldrene va allerede kommen.. Og Tante Marit, naboen våras i barndommen.. Itte ei litå stund kom både Tante Elin og Onkel Øyvind, begge på litt utradisjonelle fremkost middel.. Tante Elin hadde sykla og Onkel Øyvind kom i trebåten sin, med Kånå og dei 2 gutane deiras.. Det blei rett og slett nesten som ett lite slektstreff, der nere på Notholmen idag..

Ja, til og med søskenbarnet mitt Bjørn Olav kom nerom, han og familien har øvetatt Gurihuset som me kalla det..

 

Gurihuset, kor søster mi og bror te Bjørn Olav, dunka Onkel Ola med ei mugga vann.. Når han satt i fred og ro og ana ingen fare, og leste aviså på utedassen.. De hadde lurt seg opp på loftet, løfta litt på ein takstein og helt ei full mugga vann rett i pappen på Onkel Ola.. Det e nesten så eg huska brølet ennå.. Når Onkel Ola spratt dassvåt ut fra utedassen og hytte neven itte rampen, som stakk lattermilde te skogs..

Tjera vena meg.. Det va som om ein foss med minner flomma over idag, og overvelda ein småsleten Fatter’n.. Mens me kosa oss og bada..

Som den gangen eg og sønnen te Tante Marit, stod og lurte bak om naustet.. Når to sjøvante nabogutar kom inn vikå med den åpne gavlabåten deiras, på jakt itte makrell.. Kor me samla samen nåken skjeinesteinar, som me sendte utøve.. – Kast, Kast.. Brølte Edvin te Bjørn Egil, før me høyrte båten ga gass.. Me ramla fram i krampelatter for me klarte ikkje holda oss meir..

Og når me blei oppdaga, hytta de tolleknivane mot oss og lovte oss både det eina og det andra.. Men då va me allerede halveis på vei opp sjøbakken

Eller den gangen eg ramla på sjøen, inne ved naustet.. Sjølsagt med redningsvest på meg.. Men når far min sko dra meg opp, sklei han og på den sleipe kaikanten og stupte øve meg og rett i sjøen.. Te slutt måtte me svømma rundt naustet, og karra oss i land der det va ein liten slipp.. Tjera vena meg.. Det e nesten så eg huska dei søkkvåte tunge klærnå, mens me traska søkkblaute heimover te hu mor..

Det va ganske så nostalgisk å bivåna gutane som bada og styra på idag, fanga krabbe og reker te den store gullmedaljen..

 

Akkurat som far deiras gjorde, for ett kvart århundre siå + moms.. Der nere på Notholmen.. Ein plass som ofta samla heile familien om sumaren, både te store og små begivenhetar.. Det va ein slags samlingsplass, kor me bada og grilla og feirte St.Hans..

Og eg trur både Kånå og Flokken storkosa seg der nere idag.. Nett som eg gjorde i barndommen..

Dei 2 eldste ville ikkje heim, egentlig ikkje dei 2 minste heller.. Men Kånå lokka de med Burger fra McDonalds te middag.. Så då gjekk det seg te, men det va jaggu meg såvidt det va godt nok.. Og då e det gale.. Men eg forstår de eg, kan skjønna eg gjør det..

For det va ein liten nostalgisk reise inn i min barndoms verden idag.. Både når me va der, og nå i ittetid..

 

Notholmen leverte ivertfall te 20 i stil idag.. På alle måtar…

Hverken meir eller mindre…

=D

 

 

 

Ein liten Bytur, Ballongene og ei Grønn litå Perla..

Me blei forvist fra heimen igår, siå Kånå sko stella istand te selskap igjen.. Så me stakk ein tur te byen for å kikka litt.. Det va nå ganske så greit og egentlig, å tuttla rundt nere i gågatå.. Istedet for å vandra rundt på Amanda Senteret, f.eks.. Nå som lekebutikken har slutta av i sentrum, begynne det å minka på fristelser nere i sentrum..

Kontra Amanda, kor det som regel blir ein einaste masesjau om å få nåke, fra me komme te me går..

Og man har detta evigvarande kjøpesenter surret, som krype inn i øyregangane.. Sånt sett e det greiare med sentrum.. Gå og kikka litt i byen mens man gjerna treffe kjentsfolk og kjøpa seg ein kopp kaffi og gjerna ein is te Kidsa.. Så kan man gjerna ta seg ein liten pust i bakken på ein benk, når beinå blir slitne.. Det e liksom litt meir avslappande, rett og slett..

 

Men, itte bare 10 m ut i gågatå, så komme det ei jenta med nåke konkurranse greier, og ein haug med ballongar, igår.. For å lura oss inn på ett av byens spisesteder.. Ein konvolutt eg bare kunne vinna på, hvis eg åpna den foran ein servitør på spisestedet.. Greit nok det, men dei der hersens helium ballongane, dei kunne hu spart seg for..

For sjølsagt ville jo både Mini’en og Litlajentå ha..

Men det e med ballongar som med sånne kjæledyr de gjerna masa seg te å få.. Itte ett gnål uten like i mange månader.. Men, når de endelig har fått utysket i hus, e det kjekt i ca 5 minutt før de blir foreldrene sitt ansvar, alikavel.. Sånn e det med helium ballongar og, som de absolutt ska ha.. Men det e eg som må slita med de, resten av byturen..

Nett som 17 mai, kor man brøyta seg fram i mylderet av folk, og spinndyre ballongar som kidsa ikkje fatta interesse for meir.. Ballongar som bare e i veien, og gjerna hindre sikten for ein fortvila Fatter’n.. Som prøve å navigera gjennom folkehavet armert med heliumballonger..

 

Av og te så forstår eg ikkje heilt meg sjøl, der e g går å passa på at småtrollå ikkje mista ballongane.. Istedet for å bare la det stå te, og heller la ballongane stiga mot verdensrommet ved første anledning.. Litt ramaskrik ville det nok blitt, der og då.. Men forsåvidt hadde man blitt kjapt ferdig med det.. Nett som sånn hårfjerning med voks..

Men, men.. Eg fant ein løysning på det te slutt.. Så eg ikkje fikk ballongane smella inn i andletet heila tiå.. Og knytta de te håndtaket på vognå, såpassa langt nede at de ikkje va i veien meir..

Jaja.. Foruten dei her hersens ballongene hadde me ein fin tur i byen.. Kjøpte oss litt is, handla lørdagssnop og traff på litt kjentsfolk.. Det va hverken for mye eller for lite folk i byen, og man har ikkje detta her støysurret konstant dirrande i øyra.. Te slutt rusla me te detta her klatrestativet i enden av gågatå, så kidsa fikk utfolda seg litt..

Eg blei nesten litt smånervøs av Mini’en, som føyk te topps på null komma niks.. Men, det gikk jo bra.. Den guten har kontroll på motorikken, kan man sei..

 

Itte me hadde funnet bilen igjen og egentlig va på vei heim, kauka Litlajentå te.. – Sko ikkje me leka på ein lekeplass og da, Pappa.?? .. Og vitterlig hadde jentå rett, eg hadde jo lova de det.. Så eg vrei bilen øve te venstre og inn ein sidegata, rett itte me hadde svingt opp i Skjoldavegen.. Og kjørte nesten heilt opp mot Karmsundgatå igjen..

Der lå det jaggu meg ein litå grønn lomma, med ein liten lekeplass på..

Ein lekeplass som for all del gjerna hadde sett sine beste dagar, men som Kidsa alikavel storkosa seg på.. Det eg gjerna savna va kanskje ein benk og to, som voksne kunne parkert på.. Mens småfolket leka seg littegrann.. For strengt tatt så va det ei litå perla av ein plass, på det ellers så lite sjarmerande Flotmyr området..

Så hvis nåken i kommunen sko finne på og lesa detta innlegget.. Så kunne kanskje nåken gitt denna plassen bittelitt stell, vedlikehold og kanskje ein benk og 2..

 

Slenge med nåken bilder fra denna fine plassen, og ein koselig bytur heilt te slutt.. =D

 

Ein nåke sleten lastebil, som skreik itte litt maling.. =D

Kamuflasje Smiley’s …

Når man av og te går høgt ut, hende det at nedturen ofta e hard og brutal.. Å posta ett bilde av Ikea, uten å varsla Kånå om kor nærme man e..

Det va definitivt ikkje ett sjakktrekk..

Sms’en kom ikkje meir enn nåken minuttar itte innlegget va posta.. Og somme ganger så vett man bare, at smiley’s med hjerter og slengkyss ikkje e anna enn kamuflert fandenskap i emning..

 

Når teksten e såpassa smørblid, at det blir for mye av det goa, og det går inflasjon i Kånå sin bruk av Smiley’s.. Så skjønne sjølsagt ein enkel kar, at man gjerna drog ein spøk “bitte” litt for langt..

Når Kånå har masa i lange tider om at hu absolutt sko hatt seg ein tur på Ikea, på ein måte..

Og når Fatter’n i heimen passere med 200 m avstand, og syns det va ein god ide å laga litt humor ut av det.. Så kan man gjerna ikkje forventa seg anna enn å få “silent treatment” resten av kvelden og må gå kanossagang lukst i Bodå, ved leggetid..

 

At eg aldri lære heller vettu… Det e nesten det versta…

Jaja.. Gonatt Folkens.. ??

Flaks.. ??

På tur te Bergen med ett lass på jobb.. Når eg plutselig stivna te, begynte å kaldsvetta og fikk redselsfulle minner på netthinnå.. Før eg kom på at Kånå e jo ikkje med..

Puuuh..

Det va nære på….. ??

Sponsor te eit Dugande Familietelt..

Foto : Sportsbillosjen

Både eg og Kånå har vridd hovudet tørt, på ka me ska finna på for Kidsa i ferien.. Igår kveld så dalte me ner på telt-tur.. Me e begge vokst opp med biltur som dei første minnene fra ferie, i barndommen.. Så koffår sko me ikkje gi våre barn, ein liten smak på kossen me ferierte når me va små..

Stormkjøkken har me, ei luftmadrass og 2 finne me vel fram i Bodå.. Men så grunnstøtte planen våras, nesten før me hadde begynt å planlegga..

 

Me har jo ikkje telt…

 

Herreguud.. Eg tenkte litt på foreldrene mine, for dei hadde ett skikkelig husttelt ein gang.. Men det må sikkert væra møllspist og moden for pensjonering.. Uansett va det ett helsikke å slå opp.. Det va bare mor mi som fikk det te, på mindre enn ein halv dag..

Ikkje trur eg nåken andre i familien har eit telt, så romma meg, Kånå og Flokken heller..

Så denna planen såg ut te å gå i vasken, før det egentlig va blitt ein skikkelig plan.. Men så seie Kånå, i ett lyst øyeblikk borte i sofahjørna sitt.. – Kan ikkje du se om nåken vil sponsa Bloggen din med ett telt da?? .. Eg kikka på Kånå for så å tenka at det va ikkje nåke dum ide..

 

Men så e det detta her med meg og selga både meg sjøl og bloggen inn te sponsorar då..

 

Eg har sendt litt mail rundtomkring innimellom, og snakka med bedrifter og butikkar eg levera te.. Som oftast har me gjerna øve ein kaffikopp kommen opp med ideen, om ett samarbeid.. Men sånn ellers, så trur eg at eg må vær Norges dårligaste bloggar på akkurat det å hanka inn sponsorer og samarbeidspartnere..

Eg e ganske så ukomfortabel på detta området og heilt sikkert altfor ydmyk, med tanke på sponsorer og samarbeid te bloggen.. Sjøl om til og med eg forstår at butikkar og bedrifter, har ein unik mulighet te å treffa nye kunder i beste “sendetid”, på ein måte..

Og gjerna i vårt tilfelle gjort med ein godslig og humoristisk vri, sånn at når man lese ei annonse eller reklameinnlegg på min blogg.. Så får man gjort det i samme pakken som dei fleste andre innlegg.. Og så ærleg og oppriktig som mulig.. Eg har og prøvd med dei eg allerede har hatt samarbeid med, å holda meg te noko som eg kan stå inne for..

At det på ein måte e nåke småbarnsfamilier kan relatera seg te og har bruk for..

 

Men eg liksom ikkje heilt typen te å gjør ein slik ting som å selga meg inn, sjøl om eg gjerna bare må innsjå at eg for lengst har passert kriteriene for sånne ting.. Med mengden av unike leserar, og ikkje minst alle våre følgerar på Facebook siå, med langt over 4600 staute følgerar..

Te at Bloggen e meir enn stor nok eller attraktiv nok for sponsorer og samarbeidspartnere..

Så detta innlegget får rett og slett vær ein invitasjon te ein eller anna som driver med telt.. Om dåkke vil sponsa vår spinnville litt øve gjennomsnittet store familie på 6, med ett dugande familietelt..

Så ska me ta det me oss på tur, og virkelig testa det te alle yttergrenser som finnes.. Det trur eg kan sei, med handå på hjarta..

Og sjølsagt skriva om både teltet og opplevelsane våre på tur.. Eg trur nesten oss på telt-tur komme te å vær ein høydare, sånn bloggmessig.. Det e nesten så eg ser forviklingane og utfordringane føre meg, allerede..

Før me hverkan har reist eller anskaffa oss telt..

 

Så e akkurat du ein butikk eller bedrift som drive med telt… Send oss ein mail på [email protected] då..

 

Og få teltet ditt testa te det ytterste.. Det trur eg ikkje e å øvedriva.. Og ikkje minst omtalt med mye humor, ærlighet og sikkert ein liten dose hverdagsgalskap..

Eller kanskje det retta orde då blir, feriegalskap..

??

Årets første bad – Ett Sjokkbad…

Han i Midten, rimelig fornøyd itte ein forrykande badetur..

Me har vært hos Søster mi på grillings idag, siden bror min og familie e på besøk fra Bodø.. Då e det skikkelig kjekt å samla oss te litt familie kos.. Eit skikkelig haraball av ett grillselskap, som det stort sett pleie å bli.. Bror min fra Bodø har 2 gutar på 10, altså tvillingar og ei jenta på 13.. 2 gutar av omtrent samma kaliber som våras.. Om ikkje større, sånn aktivitetsmessig sett..

Det e faktisk ikkje ofta me ser at våras gutar e meir eller mindre utslitt, når me komme heim fra ekspedisjon.. Men de va rimelig utslått når me kom heim idag.. Mildt sagt..

Idag blei og årets første bad endelig foretatt.. Eg har, itte mangfoldige års forskning, funnet ut at det e kun ein måte man kan ta ett bad på, her i Norge.. Ivertfall for min del.. Det kan godt vær andre har det annerledes enn meg, men for meg e det kun “Sjokkbading” som fungere.. Det å gå i vannkanten å forsiktigt vassa utover, mens man kjenne det iskalda vannet lura seg oppøve beinå..

Det e som tortur for mi milda sjel.. Her må det nok gå hardare te verks..

 

Så istedet for å saktmodig kjenna isvannet senda frysande ilingar gjennom marg og bein.. Må eg bestemma meg for at nå ska eg bada.. Har eg ikkje bada innen 30 sekund fra vedtaket blei gjort, så blir det heller ikkje nåke bad, stort meir e det ikkje å sei om den saken.. Me rusla ner te strandå nedenfor feltet Søster mi bor på, og fant oss ein fin plass.. Kidsa gjekk og rusla i vannkanten, Kånå rigga seg te på plenen ovanfor strandå, og eg bestemte meg altså for å bada..

T-Skjortå røyk øve hovudet, sokkar og sko andre veien før eg gjekk i startgropå og satte fart mot vannet..

Det e viktig å opparbeida seg såpassa fart når man har tatt avgjørelsen, at det ikkje e mulig å ombestemma seg.. Så kortast mulig vei te vannet, e å foretrekka.. Skrik gjerna litt te for å advara andre badegjester og for å få fri passasje rett fram.. For mye hindringar kan fort virka inn på hastighet, som igjen gir hjernen mulighet te å ombestemma seg.. Så hastighet, kort avstand og fri passasje e 3 grunnpilarer i øvelsen “Sjokkbading”..

Eg forsikra meg om at alle forutsetningar va innfridd, kikka rett fram og sette fart mot vannet.. Maks hastighet blei kjapt oppnådd, ett hyl blei iverksatt når eg byksa utøve vannet, nett som ei and flaksa avgårde når de ska ta av..

 

Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare … !!

 

2 byks ut i vannet så va anklane lamma.. Ved neste så røyk manndommen.. Og mitt i starten maskulina hyl, gjekk øve i fistel.. Alle hjernedeler som nå forstod ka som kom te å skje, sette seg kraftig te motverge.. Men sjølsagt alt for seint.. På fjerda bykset tok eg spenntak og stupte framover og ned, hovudet traff vannflaten og gjekk unna.. Alt av panikkalarmer i heila mitt legemet, gjekk av som ein kakafoni i nervetrådane.. Fra ett sekund te ett anna blei eg forvandla fra ein uovervinnelig Fatter’n, te ett skjelvande vrak..

Eg skaut fart mot overflatå, beinå fekk fotfeste.. Og lika kjapt som eg kom meg ut i vannet, va eg oppe igjen.. Om ikkje kjappare.. Eg prøve som oftast å holda kjeften lukka, på veien opp.. Men det går sjelden bra.. Fistel e ett godt stikkord her og..

På mindre enn 45 sekund va årets første bad over.. Og når Kånå spurte om det va kaldt, løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt sjøl.. Det va heilt klart ett sånt spørsmål Kånå visste svaret på forhånd, men ett øyeblikk kor eg egentlig kunne ha svara ka som helst.. Gått på ein smell hadde eg uansett allerede gjort.. For gudbedre meg kor kaldt, såpassa kaldt va det at visse vitale kroppsdeler lekte gjemsel i lang tid, ittepå.. Heldigvis stod solå høgt på ein skyfri himmel, og fekk kjapt varmen i meg igjen..

Sjokkbadet va ett faktum..

Til og med Flokken va nå litt imponert, øve Fattern’s bading.. Og eg høsta store lovord om mine akrobatiske krumspring, i ferden mot vannet.. Han i Midten trur eg stokk litt, der han stod å kikka forferda på meg.. Når eg stupte ut av vannet som ei fullvoksen sjøløva, og byksa opp på plenen, igjen..

 

Uansett.. Bada har eg..

Det e ingen tidsfrist for kor lenge man må vær unna vann.. Så lenge man har dukka heila sitt legemet under, telle det som et bad.. Ivertfall i mine auger.. Heilt klart.. Ellers kosa me oss på strandå og fanga krabbe, reker og jaggu meg ei litå flyndra.. Te Mini’en store begeistring.. Kånå hadde sjølsagt klart å ta UV – Drakten hans på han feil vei.. Så Batman sine brystmuskler va på ryggen, og ein slags kappa framme.. Det såg ustyrtelig nåke komisk ut, men skitt au.. Det viktigaste e jo at den virke..

Litlajentå plaska rundt som ei havfrua, å storkosa seg med datter te Søster mi.. Plukka litt sjøstjerner, fløyt rundt på ein badering og fanga litt krabbe..

Han i Midten stod og lurte på kossen han sko komma seg ut den badeplattingen, nåken meter ut i vannet.. Han kan jo svømma, men eg trur isvannet satte han litt ut av spill.. Søskenbarnet hans hadde svømt ut litt tidligare, men Svigerinnå mi fra Bodø va forsåvidt ute og henta han inn igjen.. Men det hadde ikkje han i Midten sett.. Te slutt så la han seg flat på ein badering, og med svømmeføtter på, så sparka han seg ut..

 

Og itte litt forviklingar klarte han jaggu meg å komma seg tebake igjen og.. Heldigvis.. Sjøl om eg hadde sagt eg ikkje kom ut å henta han, vet me vel alle kim som måtta ha gjort det, alikavel.. Kånå bada jo ikkje.. Bare for å ha det sagt..

 

Ein aen liten smell eg heilt ubevisst gjekk på idag, det va når eg kom inn te Søster mi.. For det va ett steikje kaos på jobb idag, så eg endte opp med å kjøra ut 2 gode lass.. Det sista lasset utøve der Søster mi bor, så då avtalte eg bare med Kånå at me møttes der.. Me sko væra der klokkå 16:00, og fem over parkerte eg rett oppe i gatå hos de.. Kånå va allerede kommen..

Eg fikk lurt av meg den svetta t-skjortå, og skifta te ei Kånå hadde tatt med te meg..

Og hadde nærmast ikkje fått satt meg ner, før Søster mi høglytt måtte gi beskjed om nåke de hadde lagt merke te.. Siå Kånå kom før meg og med ein fullverdige Flokk med seg.. Kånå hadde nemlig kommen på tidå.. Ja, nesten før tiå.. Eg tok den ikkje med ein gang, men forstod jo kjapt insinueringå om kim som stort sett va syndaren, te at me gjerna som oftast kom litt for seint..

 

Eg komme vel te å få høyra den ei stund, vil eg tru.. Men jauda, eg ska tåla det.. Det e jo greit å ha ein syndebukk.. Det e verre ting å få skyldå for, kan eg tenka meg..

 

Men sånn oppsummert.. Så har det vært ein strålande dag.. Flokken ligge å snorka, og om ikkje lenge slår me følge.. Håpa alle har kosa seg i det nydeliga været idag, ein sjelden vakker sumardag.. Te vestlandet og væra..

Ha ein flott onsdagskveld, Folkens.. Over og ut, for i dag..

=D

Ein hvilken som helst lørdag, egentlig..

Mini’en .. Bare nåken uker gammel.. ??

Ein tekst fra når eg me jevne mellomrom gjekk amok på Facebook statusen min.. Den dukka opp som minner på Facebook idag.. Så det e vel på dagen ca nåken år siå eg skreiv den..

Artigt å se kossen skrivekløen har utvikla seg.. Hverken meir eller mindre.. Men gjerna helst te det bedre..

Litt frista te å redigera den.. Men så tenkte eg det va lika greit å la den vær som den e.. Bare for å minna meg sjøl på kor ting starta, på ein måte.. ???

 

Ein hvilken som helst lørdag, egentlig..

Lørdags måren igjen…. våkna tidligt idag, av ein tyfon i sengå…..nei nei, ikkje kånå…… tjera vena….
men Mini’en…. Kånå hadde vore å hente an på rommet, lagt an inn i våres seng, for så å sende an øve på mi sia. Sett fra hennas sia ein liten genistrek….. sett fra mi sia, meir ein sånn Catch 22, sende eg han tebake, så e det vel lukst i bodå og lar eg han vær så e det lika godt å stå opp… For ikkje bare va an utålmodige me å komma te denna verden, men alt han finne på bere preg av utålmodighet, ramp og fantastrekår fra ein aen verden…

Skifta bleia f.eks, det må helst vær unnaggjort på 15-20 sek, å har du ikkje har fått renska avløpet for kloakk innen tidsfristen, så e det fram me moppen ittepå og spyla syndaren i dysjen. Har du fått renska kloakken men ikkje fått på bleiå innen fristen, e det ett reint helsikke å få beinå trødd gjennom rett hål i bleiå, å når du endelig har fått den eine neri, å begynne på den andre, kan du ta deg fanden på at an har klart å få det fyssta beinet ut av når du e ferdig med det andra… sukk….
Folk se komme på besøk begynne jo sikkert å lure når me fyre igang “bleieskift prosedyren” … alt må ligga innen rekkevidde, så det kan nås innen ein kolibri har slått 5 vingeslag, e du så uheldig å finna fast kloakk når du kun rekna me rennande, og våt serviettar e utenfor rekkevidde……. gudhjølpe meg….

Itte bleieskift, golv vask og ein rask dusj, så må jo krabaten få kler på seg… gubbevaremegvel… Det e akkurat se å kle på ett hyperaktivt villsvin se synge Van Halen på fullt volum, ikkje aent enn ett totalt kaos, e ikkje få ganger eg har funne ut at body’en e bak fram, på vrangå ellår grisete av kveldsgrøten fra dagen før, når eg e ferige… for så å kikka litt på guten, mens eg tenke “pytt, pytt”…. an har jaffal kler på seg.. Eg hadde før gått på glødande kull enn å begynt på an igjen….Ein gang, når eg sko ta på utedressen, så har eg begynt på ny, for glidlåsen gjekk ikkje igjen på skrå, va visst ein fot i armen, og omvendt ….

Her ein dag, itte frokost, så sette eg an på golvet for å leka…. Å det va nesten se å sjå han der Roadrunner figuren fra tegnefilmen, se spant rundt på golvet me sånn fartstripa itte seg…full fart inn i lekegrindå, alt fyke i hytt og pine, lekår, kler og andre ungar ….ut av lekegrindå igjen, strak kurs mot Litlajentå, se sitte å kose seg me dokkene, 20 sek seinare sitte eg å trøste Litlajentå ” Såså, Pappa ska lima håret og armen på dokkå igjen, han…” for så å prøva å fanga syndaren…. ut på terrassen, blomster blir skalpert og parasoll fot blir te klatre stativ….inn igjen, oioioi, ein fjernkontroll innen rekkevidde, full krise blant storebrødrene i stuå, an har skifta kanal mitt i Lego Chima…..Pappa skifte tebake te rett kanal, noen har glemt å lukka grindå i trappå, heldigvis opp, Mini’en blir fanga halveis opp te loftet…. Littlajentå må tissa, har slutta me bleia (yey, kun ein bleieunge igjen!!!!), hu blir plassert på pottå….. ferdig…. pappa komme og hjelpe…. ryggen te pottå…. Badda bom… !! golv vask igjen, + Mini må ha nye kler… Jippi….!

Middag, det har an egentlig ikkje tid te, men alle me andre må ha påfyll av energi…. det nya nå, itte å ha funne mangfoldige nye måtar på å få maten ut av munnen, itte å ha tatt an inn…. e at nå sitte an så fint, skjeiå komme mot munnen, og akkurat når du trur det e Touch down, Home run og Scoring på ein gang, snur trollet kinnet te, helst me litt av skjeiå innforbi leppene, så maten fyke veggimellom, han har funne ut at det gir størst spredning av maten rundtomkringfallera, om skjeiå e såvidt innafor…
Det versta me detta, e at det e ikkje no fast syklus på når det skjer… det e ikkje kvar gang, kvar tredje gang ellår nåke sånt…. det e ALLTID når du trur at han har slutta me det, og du slippe opp litt på det å fylla med….e akkurat se an har innebygd radar for når det e best å slå te…. !!

Heldigvis , så har an funne ut at soving ikkje e det aller versta i verden, men at då kan han lada seg opp, fundera ut nye fantastrekår ellår rett og slett gjedna bare sova litt …

Dei stundene der, dei e blitt gull verdt… då e det å kosa seg me ein kopp kaffi….. mens du tenke over alle mulige scenarioer for resten av dagen, og prøva å vær litt i forkant av alle spilloppene se har blitt oppfunnen mens an har vært i ladeboksen….

Men, me 3 andra rakkerungar i flokken, så går me stort sett alltid på ein smell, uansett kor forberedt me trur me e… 😉

Å det e jo litt gøy o…

=D

Ein svart Kaffe, ein Mocca og ein Kafê midt i Gågaten..

Plutseligt så va huset heilt tomt for ungar idag.. Søster mi og maen hennas kom og henta dei 2 eldste, og kjørte for å spilla mini-golf.. Sammen med kidsa te bror min som bor i Bodø.. Dei to minste stakk foreldrene mine av med lika ittepå og gjekk i dyreparken på Karmøy.. Igjen satt to forfjamsa foreldre, som ikkje visste hverken opp eller ned, sånn med tanke på ka de sko finna på..

Eg hadde tuttla litt på utforbi rett itte kidsa forsvant, og når eg kom opp i stuå.. Så satt Kånå meir eller mindre totalt malplassert i sofaen, med ei snodig grimasa om kjeften..

Eg trur ikkje Kånå heilt visste kor hu sko gjør av seg, itte ein sumar med ungar i heimen heila tiå.. Me har jo ikkje hatt dei 2 minste i barnehage siå slutten av Mars.. Så hu har hatt de trøande rundt seg siden.. Hu har ein stoffskifte sjukdom, og opererte det eina kneet i vår, så hu e fortsatt under medisinsk behandling.. Derfor styrte me ikkje på med nåke barnehage, før nå te høsten.. Litlajentå ska forsåvidt begynna på skulen og, så me tenkte det va lika godt å spara dei kronene..

 

Eg e usikker på om Kånå hadde gjort det samma igjen.. Men ittepåklokskapen får man aldri diplom for..

 

Men.. Uten ein einaste fra Flokken i heimen, blei det plutselig litt tomt.. Eg kjente jaggu meg litt på det sjøl og.. Tiå med småbarn e som ein virvel, ett dragsug man konstant blir dratt inn i.. Og når man då fra ett minutt te ett anna, plutselig sitte der i sofaen uten Flokken.. Då blir man liksom litt rådlaus og vett ikkje heilt ka man ska ta seg te.. Og ende gjerna opp med å sitta å kikka på kvarandre, med fårete blikk..

Me ikkje vant med å vær aleina.. Ivertfall ikkje meir enn 2-3 dagar i året, når me lura oss ut på Aibel sitt SildaJazz arrangement..

Men då har me stort sett hatt barnavakt i heimen, så me har jo hatt kidsa rundt oss, på ein måte.. Det e litt som ett innlegg eg skreiv tidligare, “Kaos e mitt Dop” .. Man blir avhengig av å ha litt sjau og baluba rundt seg og når det forsvinne, sitte man tafatt i kvar sin krok og stirra meiningslaust ut i luftå..

 

Te slutt så sa Kånå at me kunne nå ivertfall stikka te byen, å bytta den Tv-Dekoderen og modemet som ikkje funka skikkelig.. Så fikk me ta resten der i fra..

 

Som sagt så gjort.. Og ittepå så kjørte me ner te sentrum, parkerte bilen og vandra tilsynelatande uten mål og meining gjennom gågatå..  – Me ska ikkje bare gå på kafe da.. Seie Kånå te slutt.. – Jojo, det kan me jo sjølsagt gjør .. Svara eg.. Og va sjeleglad for at Kånå hadde tatt ett initiativ.. Me gjekk inn på første og beste kafe me traff på, midt i gågatå og bestilte kvar vår kaffe.. Eg ein svart, Kånå ein Mocca.. Og sette oss med vinduet..

Tiå går seie nåken, før den har vært der og forlatt oss igjen.. Tiå komme seie kineserene, for den ligge foran oss..

Men eg syns rett og slett at tiå sto stille, som ett gråsvart tjern midt inne i ein tett og skummel granskog.. Kor overflaten va dekka av eit uhyggelig slør av tåka.. Hverken eg eller Kånå har vært på tomanns hånd i denna settingen, på mangfoldige år.. Me e rett og slett vant med totalt kaos rundt bordet, gjerna på ein McDonalds eller Pizza restaurant.. Nåke finare tør me ikkje gå på.. Ivertfall ikkje itte at bloggen har tatt sånn av.. Det kunne jo vær me blei gjenkjent..

 

Det va som om me kikka inn i den bunnløse fortvilelsen hos kvarandre, som om begge ikkje hadde den reinaste fanaring øve ka me sko foreta oss.. På ett sånt kafe besøk.. Aleina.. Uten Flokken..

 

Te slutt så fikk me nå praten igang, og snakka både om det eina og det andra.. Mens me kikka litt småforelska og løye på kvarandre, igjen.. Som to mennesker som nettopp hadde truffet kvarandre, og følte seg litt fram om ka den andre likte å snakka om.. Eller interesserte seg for.. Det va jaggu meg ein merksnodig opplevelse, at man går i samme settingen år itte år.. Det eina tar det andra og te slutt har man glemt dei små magiske øyeblikkene, når man får lov te å bare vær kjærester igjen..

Om så bare for ei stakket litå stund.. På ein kafe, midt i gågatå..

Det e som om man tumle seg gjennom livet i småbarnstiå, og kava seg mot leggetid før man ende på sofaen som ett slakt.. Og tar man seg ikkje nåken sånne stunder, som me plutselig fikk idag, innimellom.. Så enda man vel opp som oss idag.. 2 mildt sagt småforvirra foreldre uten Flokken sin, aleina på kafe og totalt uvitande om kossen me sko klara å nyta det.. Me fant ut av det te slutt.. Såvidt..

 

Og om man sko henta litt lærdom ut av opplevelsen idag.. Så må det vel vær, at her har me heilt klart ett stort forbedringspotensial..

 

I akkurat det å ta oss nåken friminutt fra småbarnstidens umiskjennelige kvern.. Som langsomt men energisk tar oss inn i alderdommens rekker..

Eg trur ikkje det blir så steikje lenge te neste friminutt..

Nå som me har fått smaken på det gode liv, omsider.. Det e ivertfall heilt sikkert..

=D

Ein Blåmandag te Besvær..

Hehe.. Detta e faktisk ikkje mandagen igår.. Men eg skreiv om ein tur langt ut i gokk her ein dag.. Og når eg satt å surfa gjennom den andra Blogg siå mi.. Den som ikkje e i drift.. Så fant eg den første turen min ut te samme kunden..

Men det va jo gjerna ikkje så merkelig eg huska den dagen.. Det va jo liksom litt meir så skjedde enn ein langtur ut i granskauen..

Så her e ein liten reprise… Kos dåkke folkens.. =D

 

Ein Blåmandag av dimensjonar..

Gårsdagen, va ein dag eg håpa ikkje komme for ofta seilande forbi i mitt liv.. Om eg komme te å få ønske oppfylt, det e vel heller tvilsomt.. Men det e lov å leva i håpet.. Skjønt, håp, ønsker og etterpåklokskap får man vel aldri diplom for, trur eg..

Men dagen starta på skjeivå, og kom aldri i vater igjen..

Eg forsov meg nåken minuttar, klarte å vekka Mini’en og glemte sjølsagt kaffikoppen igjen heima.. Med fersk, varm og goe kaffi oppi.. For all del, eg og vett at kaffi’en va det minsta problemet i den ligningen.. Men, minuttane blei såvidt henta inn igjen på vei te jobb, og eg starta dagen uten morgen kaffi’en innabords..

 

Så sjølsagt gjekk ikkje akkurat lastingå av bilen på skinner, igår.. Minuttane eg henta inn igjen på vei te jobb, forsvant i tull og vas på terminalen, på leit itte ein dugande kaffikopp.. Te slutt, måtte eg ty te reservekoppen så stod i sluså mi, ein gammal statoil kopp så ikkje akkurat såg innbydande ut..

Itte å ha vært ute av drift i minst nåken månader..

Men eg fikk endelig nåken dråpar flytande koffein i kroppen, og kommen ut av krabbegiret.. Bilen blei lasta opp og eg kom meg avgårde fra terminalen.. Så ringe Kånå og har ein shitty start på dagen hu og, men heldigvis nevnte hu ingenting om Mini’en..

 

Eldsteman hadde vært i øvekant sur, fordi han måtte gå te skulen i den iskalde vinden.. Og fordi Han i Midten fekk vara heima på grunn av ett opphovna kne.. Eg fikk på ein måte desarmert bombå, og satsa på at det va siste oppøve bakken denna dagen..

Men denna famøse dagen hadde knapt begynt..

Ein liten time seinare tikka det inn ein melding, sjølsagt fra Kånå.. Hu hadde tydligvis ein effektiv dag i heimen, for hu sendte bilde av nåken trådløse headsett.. Dei så ungane sko bruka på Dvd-Skjermen eg sko montera i Multivan’en me hadde, men så eg aldri kom så langt te at eg monterte..

Me har oppgradert Grand Voyager’en med pengene med fikk for den, og i den nya kjerrå va det dvd skjermar i nakkastøttene..

 

Så nå fikk me alikavel bruk for dei her headsettene.. Eg og har leita itte dissa, men aldri funne de.. Og nærmast beskyldt Kånå for å ha kasta de.. Men så fant hu de i verktøykassen min, den kassen hu aldri e oppi.. Men nå hadde gjennomsøkt på leit itte metermål..

Man trenge jo ikkje vær rakettforskar, for å forstå kim så hadde forlagt de oppi der og glemt det ut..

Eg fant det egentlig bare best å gratulera na med triumfen, og lot det vær med det.. Somme ganger får man svelga ein kamel, og satsa på det e lenge te neste gang.. Men, seinare på dagen kom det ein ny melding, med bilde av ett par bilnøklar.. Nemlig sett nr 2 te Grand Voyager’en så har vært savna siå sumaren..

 

Dei så virka litt bedre enn dei andre, og man såg ikkje ut som ein luguber type så stod og prøvde å dirka opp bilen.. Når man låste an opp..

 

Man måtte nemlig vri te venstre, så lynkjapt te høyre igjen for å holda dørå opplåst.. Bomma man med ett par millisekund, gjekk an rett i lås igjen.. Forsåvidt litt av sjarmen med denna herlige bilen, dei her små links’ane man måtte kunna med..

Dei nøklane hadde eg og hatt ein sterk mistanke te at Kånå hadde forlagt, itte at me fant det gjenværande nøkkelsettet i bosset utenfor, eingang..

Hu hadde grabba med seg nåke boss fra sjenken i gangen, men og tatt nøklane med seg i håndå.. Og kasta det i bosset.. Heldigvis, kom hu på det før det va for seint.. Eg lar bildet nedenfor oppklara kor truimfen havna, i detta tilfelle og..

2-0 te Kånå og øredøvande trampeklapp fra tribunen.. And the hits just keep on coming..

Eg hadde ein levering te Toftøysundvegen i Nedstrand, men hadde ett håp om å sleppa unna denna omveien.. Det va ca 1 mil avstikkar fra hovedvegen, på ein krøttersti av ein vei.. Men når eg ringte kunden, så va sjølsagt batteriet på bilen hans tomt.. Jippi..

Det va bare å setta avgårde..

Turen inn gjekk forholdsvis greit, men på turen ut igjen havna eg bak tidenes frekkaste saktekjørande billist.. For det gjekk fanken meg ikkje fortare enn i 30-40km i timen, på slettene.. I svingane føltes det som om me stod stille.. Eg va bil nr 2, bak denna her rakkaren.. Eller rakkerinnen..

Det fikk eg forsåvidt ikkje avklart..

 

Men plutselig, så tok denna her billisten te vet og kjørte innte på ein møteplass, for å slippa oss forbi.. Trudde eg.. For bilen foran meg, fikk ivertfall komma forbi.. Men når eg kom, ca 20 ganger større enn den Civic’en så slapp forbi.. Så smatt denna fjotten nonchalant ut på veien igjen, rett foran meg..

Og Vm i dillekjøring va igang igjen..

Herreminguuuuud… Lastebilen min e forsåvidt “bittelitt” profilert og, så nåke tråkking opp i støtfangare for å gi seg te kjenne, va uaktuelt .. Om enn så fristande.. Og toppen på frekkheten, rosinå på kaka og siste spikeren i kistå, på denna sagaen.. Det va jo at så snart me kom ut på hovedveien, så spant denna billisten avgårde.. I ett halsbrekkande tempo..

Og forsvant i horisonten..  Meg vs dagen i går.. 0-3 ..

 

Så ringte Kånå igjen.. Hu hadde vunnet budrunden på eit ikea skap, og lurte på om eg kunne stikka å henta det itte jobb.. På jakt itte nåken pluss poeng i bokå, så svara eg sjølsagt ett rungande ja.. Før eg spurte kor det va..

Joda.. Langt te helsikke ut på Karmøy, rettare sagt Sandve.. Jippi gange 2.. Stikk motsatt vei fra den eg kom fra..

Men.. Har man sagt A, så får man sei B..

Eg suste videre ut på terminalen og lossa bilen.. Stakk å henta den nye gamla vraket våras.. Og tenkte at det sikkert e smart å nappa ut 2 seter, sånn at eg bare kan legga skapet rett inn i den..

Av og te så slår eg te, med min øve gjennomsnittet raske tankegang..

 

Akkurat kor den tankegangen va, når eg sko legga setet nr 2 inn i skapet på lastebilen, for å henta de igjen seinare.. Det vett eg ikkje..

Men, sjølsagt klarte eg å dunka borti førardørå, når eg snudde meg.. Så den gjekk smekk igjen.. Bilen stod og gjekk på tomgang og akkurat når eg ska te å nappa opp skyvedørå, høyre eg ein sånn herlige sentrallås lyd..

Og bilen stod triumferande, og fortsatt gjekk på tomgang..

Nå…Med alle dørene låst.. Svarte, helsikkens salte og fordømrande bananer… Det sko jo ikkje vært mulig..

Eg tok meg te lommå for å ringa itte hjelp.. Men lommå va lika tom så bankkontoen..

Telefonen min lå inni bilen..

 

Jaja, tenkte eg for meg sjøl.. Nå kan ivertfall ikkje Kånå ringa å masa om nåke meir på ei stund… Det e viktigt å tenka positivt, når alt anna ser svart ut så gravå.. Så eg måtte låna ein på jobb sin mobil, for å ringa itte hjelp

Itte ein liten times venting, så kom Falken og fekk dirka opp droget våras igjen.. Sjølsagt va det ei jenta..

Akkurat så om ikkje stoltheten allerede va djupt såra og vonbroten.. Så kom det ei jenta og sko hjelpa meg..For all del, eg e ikkje nåke sånn mannsjåvenist så ikkje trur jenter kan ha sånt arbeid.. Eg syns faktisk at me sko hatt fleire jenter i sånt arbeid eg, det va bare allerede så inni granskauen ydmykande..

Å stå der øvefor mine arbeidskompisar, så stod med krampelatteren i knernå øve min idioti.. Og så få hjelp av ei strålande opplagt jenta, så absolutt kunne sine saker..

Tjera vena meg..

 

Men hu fikk lirka opp bilen, og eg stakk fra åstedet.. Lika kjapt så 2 kvinnfolk som aldri har snakka sammen før, kan klara å fornærma kvarandre.. For ett eller anna.. Eg fekk henta skapet, kjørt det på plass og luska meg heim over.. Med halen mellom beinå..

Fatter’n mot Mandagen 0-4

Kånå lo sikkert i ett kvarter, når eg forsøkte å forklara hendelsesforløpet.. På minst mulig ydmykande vis.. Det va ingen tvil om kor seieren gjekk heim igår.. Sånn i innbyrdes oppgjør, øve å gjør toskjne og idiotiske saker og ting..

Det blei rett og slett ein blodsterk Blåmandag..

 

Men… Ikkje alt gjekk i dass denna dagen, sånn egentlig.. Men det får eg fortella om i eit seinare innlegg her på Bloggen..

Så gled dåkke Folkens….

Plutselig… =D