Bare ei heilt Vanlig uka… I Galehuset.com =D

 

kidsa

 

Denna ukå har gått unna som ett formel 1 løp, uten pit stop… Det har vært ett heseblesande tempo fra mandag te fredag, og eg har nærmast ikkje hatt tid te nåkenting.. Sånn e det av og te.. Det har vært fotballtrening, skoleavslutningar og jobb blanda i hopa med galne ungar, rampestreker og full gallopp i heimen..

Angåande ramp, så har Han i Midten skikkelig tatt for seg denna ukå. Han har vært “Missing in Action” opp te fleire ganger, på vei heim fra skolen. Begge gangene har ett ureglementert besøk på butikken, vært ein gjengangar. Han hadde fått med seg 10 kr se sko leverast på skolen, siå ei jenta sko slutta i klassen, og derfor sko de kjøpa ein presang ..

Dei, hadde sjølsagt han ikkje fått levert, og heller gått på butikken på vei heim, og kjøpt seg slikkepinn for de …. Typiskt…

Men neste dag, va det på an igjen… Kånå ringte meg i full fistel, Han i Midten va ennå ikkje kommen heim og klokkå begynte å nærma seg 4.. Men igjen blei an funnen, ikkje så langt fra butikken, sittande å gumla på ein chips pose. Nå hadde han i beste Egon Olsen stil, brutt seg inn i sparebøsså si, og fått med seg den nette sum av 29 kr… Alt detta iskaldt kalkulert og strålande utført, kvelden før… Han hadde rett og slett hatt ein plan, iverksatt og fullført te 20 i stil..

Eg trur ikkje han hadde tenkt øve at han sko bli ferska, så hans store glede og iver øve et vel utført ran. Endte i husarrest og null besøk hverken te eller av kompisar.. Nåke han sjølsagt fant skrekkelig urettferdig…

 

Mini’en og Litlajentå har og vært i form. F.eks på torsdag, så kom eg heim fra jobb, me sko egentlig på skoleavslutning for Eldstemann, heile gjengen. Men når eg åpna dørå heima, va det som å trø inn i ett hus, ramponert av 10 spinnville tornadoer… Se sjølsagt bare va ett resultat av dei to forutnevnte i fri dressur… Kånå hadde mista grepet i 11 tiå, og makta ikkje å komma seg ovanpå igjen. Itte Mini’en våkna fra kvilen sin, hadde an vært som ei fjellgeit på speed, med Litlajentå glatt hengande på…

Eg tulle ikkje hvis eg knapt kunne se igjen parketten i stuå, pga leker, dukkeklær og alt aent de hadde funne rundtomkringfallera… Kånå lå som ett slakt i sofaen..

Soverommet våres, så ut som ein campingplass. Ikkje mindre enn 3 paraply’er, dandert med dyner, tepper og håndkler, forma 3 telt oppi sengå… Her også, leker overalt… Kjøkken, bad og barnarom, likeså… Ett fullkomment kaos, sett i system…

Tjera vena meg…

Eg sendte Kånå på avslutning med Eldstemann så hu fekk litt avspasering fra “The Tornado’s”. Parkerte resten av flokken i sofaen med ein film… Og gjekk te verks for å få orden på huset, og itte eit maraton med husrydding så det nåkenlunde ut når Kånå entra inngangsdørå igjen.. Eg tok med meg Mini’en for kvelds stellet, puste litt tenner og la oss i sengå vår…

Og våkna av at Kånå se hadde bært Mini’en inn i sengå si, nå sto og skubba meg øve på mi sia… I ørskå spratt eg opp i villfarelse, lett fortumla og skråsikker på at eg hadde forsovet meg te jobb… Spurta ut på badet, stappa hovudet unna vasken og spant ut dørå, med Kånå i helane… Hu fekk heldigvis stogga meg før eg fekk sett meg i bilen, og forklart at klokkå va halv 1 på nattå… Hjølpe meg…

 

Onsdagen va omtrent se torsdagen, men då fekk me nå gått på avslutning te Han i Midten, både eg Kånå og heile flokken, jaja, Eldstemann va ikkje med.. Han hadde vært smart, og vært med ein kompis heim fra skolen… Han hadde vel lukta luntå, og tenkt at her va det best og skygga banen.

Han se sko på avslutning, fordufta itte 2 minutt og igjen satt eg, Kånå og dei 2 minste. Og så ut se me hadde “krasja” avslutningå, for å få oss nåke grillmat..

Sjølsagt kom me litt for seint te avslutningå og, for Kånå hadde funne fram syklane og tilhengaren.. For me sko sykla ner… At det ikkje va luft i dekkå på min, fant me ut litt for seint.. Og Kånå måtte snu og henta pumpå… Typiskt, igjen…

 

Tirsdagen gjekk i fotballtrening itte ett hardkjør på jobb. Rakk akkurat og komma heim, skifta te treningskler og kjøra på trening med Eldstemann. Kom heim igjen og rakk ein kjapp dusj,  før eg slokna på sofaen… Bare for å våkna igjen, i 8 tiå… Eg måtte jo på kontoret, me sko kjøra lønn te dei ansatte… Bånn gass te byn, fekk gjort det me sko… Bånn gass heim igjen.. Flata ut på stuegolvet…. Våkna av at Kånå sto og spente i meg, om eg ikkje sko legga meg i sengå…. Joda..

Mandagen, huska eg ikkje… Trur eg malte kvisten på huset… E ikkje heilt sikker, men trur det…

Og i går, fredag… Va det igjen full fyr på jobb… Så “avgårde Kåre” og heim, spiste litt middag… Lekte litt med ungane, hoppa i dusjen for så å kjøra avgårde på Lønningspils med jobben.. Mini’en gjekk i fistel når eg for… Han sko vær med… Hadde null forståelse for at han va for liten, og endte opp unna trappå med tidenes “fornærma lippa”…

Kånå kom og henta meg i halv ett tiå, me hadde barnavakt heima…

 

Våkna idag morgens, av Mini’en og Han i Midten se spillte fotball i stuå… Kånå spratt opp se ei ku se sko kalva… Hu hadde kjøpt seg ein “Kæhler” vase på tebud, dagen før… Og fekk full angst for om den va “rundingsbøye” inni stuå… Sakte men fort, våkna resten av huset, og galskapen blei sett i system… Frokost blei fortært, før barnavakten se sko passa ungane, mens eg å Kånå sko jobba litt, plutselig fekk melding om at hu sko vært på jobb… Kånå føyk te byen med na, Han i Midten fekk besøk og eg la Mini’en på lading….

 

Og for fyste gang, på minst ei uka… Så fikk eg nåken minuttar for meg sjøl…

Oppdatert bloggen…

Og kost med ein kopp kaffi……

Egentlig……  Mot normalt…. Ellår heilt typiskt… Hverken meir eller mindre…

Så, her komme ein liten God Helg helsing, fra Galehuset.com…

Juhhhuuuu… =D

 

Me ska vær glad ikkje kyrnå flyr

 

Cows-flying-cows-35890184-667-347

 

Me ska væra glad ikkje kyrnå flyr. Detta sitatet brente seg inn i hjernebarken, ein gang tidligt på 90 tallet. Me va ein gjeng fra barndommen, se va på ekspedisjon ner øve vårt vakre sørland…. Meina og huska at me va ein liten svipptur innom Danmark også, men av forskjellige grunnar e det lite eg huska akkurat fra den digresjonen me hadde sørøve der. Men det se skjedde når me kom i land igjen, itte vår første utenlandstur ilag, e opptakten te når sitatet fallt. Me fant bilane våras igjen i ett parkeringshus i Kr.sand, og sette igang på leit itte campingplass …

 

For me va på camping tur , me telt.. Va sånn feriar stort sett blei utført på den tiå….  Sydenturar og hytteferie va for Direktørar, Statsminister og Kongefamilien dengang…

Teltet me hadde me oss, va forsåvidt kongeligt for det va mine foreldre sitt “hustelt” .. Ett reint helsikke og setta opp, men stort nok te å romma heile gjengen.. Og itte nåken overfyllte campingplasser og ett par der di ikkje slapp inn ungdommar, fant me te slutt ein kor me fekk lov og campera. Teltet for opp , litt kveldsmat , nåke godt å drikka, også la me oss te å sova i denna flotte sumar nattå. Våkna neste måren, klar for nye eventyr. Det hadde vært ein “liten” regnskur om nattå, så midt i gjennom teltet gjekk det ei litå elv. Halvparten av oss låg midt i straumen, mens resten låg på tørr grunn. Herligt …

 

Itte at soveposar va hengt te tørk, for nåken av oss ner i butikken for å handla frokost. Når di kom opp igjen, hadde di ein nåke i øvekant overraskande nyhet ..

 

Det va ein STOR hall på siå av butikken me ett lika stort kors på… Me hadde havna på ein Kristen Camping ….

 

Ikkje det at eg har nåke imot det, gjekk på søndags skulen i min kjære barndom eg… Men d va jo ikkje heilt sånn me hadde tenkt å feriera, og eg va nåke usikker på, om dei egentlig ville ha oss der og.

Jaja… Me fekk nå spisa frokost, før me pakka sammen og fant oss ein litt meir passande plass…

Maten blei funnen fram, skjevår blei skjert opp å me va godt inne i frokosten då det skjer… Ein flokk måker e på tokt og har plutseligt gått inn i bane øve håvene våres…

… Ei fullblods måka tar ett skikkeligt innpust og presse ut ei kraftige klysa i andre enden…

 

Ein av oss får, om ikkje alt, men jaffal “litt”, midt i planeten… !!!

An fyke opp i ein fart, banneordå komme ut av kjeften, så fort at Eddie Murphy hadde slete me å holdt følge..

Skjevene hans fyke te skogs.. For det va ikkje bare Nugatti på di meir…

Nåken av dei andre ferierande se ligge i telt rundt oss, holde for øyrene på ungane sine…

 

Men… Ein gla kristen hippie pappa, se sitte me familien sin rett bortforbi oss.

 

Ser bort på oss me ett lite flir om munnen, og seie..

 

“Jaja, me ska værra glad ikkje kyrnå flyr” !!!

 

Hytteturen – Ei rolige helg i Fjellheimen.. Akkurat ja..

 


 

Me hadde fått låna mi kjære søsters hytta på fjellet, så me pakka i bilen og sette te fjells fredags ittemiddag. Guuuuud, ka me gleda oss te å komma oss litt vekk fra hverdagens tjas og mas og den stuå me stort sett tilbringe helgå i, vinterstid…

Løye me det, men det e ikkje møkje se ska te innimellom, for å få litt ekstra øveskudd i ein travel hverdag. Og ungane gleda seg i hjel te å få stå litt på ski og leka i snøen.

Ja, me va i ett særdeles godt humør heile gjengen…

Me kom velberga fram te Vågslid, kor hyttå befant seg, og fekk pakka ungar, varer og bagasje inn. Det va ein nydelig kveld , ca -12 grader, stjerneklart og vindstille. Mmm, detta komme te å bli ei fantastisk helg , tenkte eg for meg sjøl.

Me hadde tatt ein Ingrid Espelid Hovig , å juksa litt me middagen/kveldsmaten , lagd pizzafyll hjemma og hadde me oss ein ferdig pizza bunn, så maten kom på bordet i ein fei. Ungane satt fint rundt bordet og åt maten sin , ingen sure miner og det va rett og slett ein perfekt kveld. Se blei avslutta lika perfekt med tv-kos, Kånå i armkroken og fyr i peisen.

 

 

Vakna neste måren, te full storm på fjellet, det va ivertfall ikkje langt ifra. Jaja, frokosten kom på bordet å me koste oss nå på hyttå alikavel.

Itte ett par timar, hadde vinden stillna litt og eg tok med meg guttane ut for å renna litt på akebrett..

Me fant oss ein bakke å sette i gang. Og når det e sagt, så sjøl om eg e øve middagshøyden, når det gjelde alder her i livet så har eg nå alltid følt meg i god form, og forsåvidt i min beste alder.

Men der tok eg feil, kraftigt.

Itte å ha runne ner bakken ein gang, og va på vei opp igjen kjente eg melkesyrå allerede halveis opp i bakken. Guttane rant sikkert opp og ner 3 ganger før eg va på toppen igjen,totalt utslitt.

 

Tjera vena…

 

Koss ska detta enda. Eg sendte nåken misunneliga tankar te Kånå, se satt inne i peiskosen me Litlajentå, men her va det bare å manna seg opp å gi gass.

Neste tur opp, holdt på å ta livet av meg, pusten gjekk som ein kval midt i ei hyrdestund. Rødsprengt i fjeset, bikka eg toppen å la meg rett ner i snøen.

Kvite prikkar for øve skjermen, brystet skreik som ei usmørt dør og beinå kjentes ut se betong. Guttane ilte te å lurte på ka det va.

“Naaai, pappa må bare ha ein pust i bakken” klarte eg å gispa ut.

Lettare forskrekka fortsatte di leken i snøen. For opp å ner se to røyskattar i snøen, mens eg lå som ein hvalross på toppen, og ønskte meg tebake i toppform…

 

 

Vel tebake i hyttå , fortsatt i live, såg Kånå bekymra på meg, før hu fortsatte me sine huslige sysler. Guttane sette seg foran tv`en, med Litlajentå og koste seg med ein film. Og eg slokna på sofaen, fortare enn Usain Bolt sprang 100m.

Når eg våkna igjen, ville guttane ut på ski, det va blitt heilt vindstille nå, påstod kånå. Alle bekymra blikk va forsvunne som dugg i plettfritt solskinn.

Hu hadde jo spist bakepulver og hadde ei bolla i ovnen, så det va sjølsagt min jobb å ta di me ut på ski.

Gubbevaremegvel….

“Øveleve eg denna helgå, så e det ett under”, tenkte eg for meg sjøl.

Men , men.. På an igjen…

 

Me sette i av gårde, og detta gjekk møkje bedre enn akebrett renningå. Guttane for jo som nåken lyn bortøve løypå og eg hadde nå funne ein fin rytme sjøl og.

Blei litt knall å fall på alle sammen, men eg må sei me koste oss..

Og plutseligt hadde me kommen oss ett godt stykke innover fjellheimen, me tok oss ein liten pause før me sette nasen hjemover mot hyttå igjen.

Då merka eg koffår me hadde hatt så god flyt innover i fjellheimen, for ut av an, hadde me ein stiv motvind,

Gud hjølpe meg..

Det va som å gå i sirup, og når me sko gjennom ett lite dalsøkke, kor vinden fekk litt ekstra tak, va det som om Han i Midten nesten letta fra sporet å tok av, men feil vei. Uansett kor mye han staka å strevde, så kom an ikkje av flekken..

Eldstemann sleit og men kom nå litt meir framøve enn bakøve.

Enden på viså blei, at igjen måtte eg ner i kjellaren og henta kreftår, ein hengande på ryggen, han andre hengende i skistaven min, mens eg kava meg framøve…

Eg ramla inn i hyttå me guttane. Kånå tok imot guttane, mens eg lå på golvet i gangen og såg livet mitt i revy, på netthinnå

“Kor e den eine skistaven te Eldstemann ?” komme d fra kånå.

Filmen på netthinnå va slutt, og eg va tebake i hyttå. Eldstemann meina at an kanskje mista an, der i dalsøkket.

Fri og bevare meg vel….

Ut på tur igjen.

 

Nå e det definitivt ikkje vindstille og eg fyke innøve som ett prosjektil. Runda svingen før dalsøkket å finne staven. Snur og stålsette meg te returen, sette opp ett tempo se eg må sei, føltes temmeligen fort. Eg e lika sleten se ein utsleten islandshund, ellår va det hest, jaja samma kan det nå vara, men det gjekk på rein vilje nå.

Itte ett par hundre meter har eg skikkelig kommen i flyten, og føle meg nå litt som Oddvar Brå, der eg går klassisk som ein gud ut av fjellheimen.

Men, plutseligt komme det ein kar opp på siå av meg i godt driv..

“NEI” tenkje eg…

Ikkje svarten om du ska ta gullet fra meg, eg auka farten og han forsvinne igjen, lykken e stor, men kortvarig. Plutseligt e han der igjen, skøytande som om ein olympisk gullvinnar. Han passere, 5m foran , 10 m foran.

“Jækla juksepave” skrike eg itte an.

“Det e jo klassisk.”. Heldigvis høyrte an meg ikkje, gjennom vinden, og eg tuttla meg mot hyttå…

Resten av lørdagen forsvant i sofaen, liggande med beinå høgt, mens kroppen kjentes ut som om an va i fullt opprør…

 

 

Søndagen kom, ett nyyyyydeligt ver. Sol fra blå himmel, ikkje ett vindsus å hørra og 3 pluss grader..

Kakao blir kokt, pølser varma og me sette innover igjen, heile gjengen, Kånemor til og med. Eg har Litlajentå i bæremeis på ryggen, kjenne at det gjør ingenting.

For hadde eg ikkje hatt hu bak der, trur eg at eg hadde tippa fråmøve itte 10m. Me går i roligt tempo innover og kosa oss glugg i hjel..

Eg har ikkje vært så sleten siå eg sprang 3000m i milliteret me ein ilter befal piskande bak mg. Men lar nå kje det ødelegga idyllen, og har nå på følelsen at befalet e rett bak meg i dag og.

Kånå, se tuttla nåken meter itte mg meg, ser ein fin plass å spør om ikkje me ska ta ein pause der.

“Joda, går fint for meg” seie eg å puste letta ut…

 

 

Me sette oss ner og finne fram nistå. Kånå hadde laga pølser på termos, ingen dum tanke, men hvis noen gjør det samma, fest noen små trådbetar i kvar pølsa, så får du di gjedna ut og.

Herreminhatt, ka eg strevde med det, men itte ett kvarters kamp, 3 sultne ungar og litt kjeft fra kånemor, så klarte eg å lirka di ut.

 

På tebake turen mot hyttå har guttane funne ut at de ska gå om kapp.

Gubbanoa, uansett kim se vant, så blei det ein se hylte av sinne.

Tap å vinn med samme sinn e tydligvis ikkje nåke me har klart å lera di ennå, og kanskje me ikkje ska d hellår, “vinnarinstikt e jo ein god egenskap det”, tenkte eg for meg sjøl, og minnast alle dei “koselige” Monopol spill kveldane, med mine søsken i barndommen…

 

Tebake på hyttå e det på tide å tenka på heim turen. Me får rydda å vaska hyttå, ungane stelt, plassert i bilen og bagasjen bært ut igjen.

Me sette oss i bilen og suse mot byen igjen. Parkere hjemma, ungane rett i seng, bilen blir tømt for bagasje og eg finne endelig sofaen….

TOTALT utslitt…

Nåke øveskudd, e ivertfall eg i kraftigt underskudd av.

Men minnebanken e fyllt opp, med nye opplevelsar og erfaringar. Og me hadde det jo fantastiskt, der oppe i fjellheimen, tross alt…

Åsså fekk Kånå eldstemann, te å ringa te Mormor og Besse, for å gi de den lykkelige beskjeden om at de sko bli besteforeldre igjen. For hu turte ikkje å sei at fjerdemann va på vei, når me va hima.

=D

Byturen – Eg, Litlajentå og Mini’en..

Bare litt bildesafari fra når eg og dei to minste rømte huset i helgå

Så Kånå kunne få lada seg litt opp igjen…

=D


20160611_153609

20160611_153705

20160611_155012

20160611_172636

20160611_172543

20160611_170502

20160611_170500

20160611_170404

20160611_170341

20160611_165153

20160611_165148

20160611_162727

20160611_162725

20160611_162714

20160611_155027

LED-Tv vs Svart/Kvitt – Ikkje akkurat det du trur… =D

 

tv_black_and_white_by_sinaxpod-d6hirkz

 


 

Det har vært ei virkelig begivenhetsrik helg, mildt sagt.. Måtte kjøra morgenrutå våras på lørdag, det betyr opp før fuglane har begynt å kvittra og pinnsvinå kommen seg av plenen vår…

Det e egentlig ikkje nåke spesielt med det å kjøra denna rutå, man står opp, gjør jobbben og kjøre heim igjen… Finito..

Men denna helgå, så va det litt spesielt, alikavel… Kånå va sjuk…

 

Det e ikkje nåke man ska undervurdera, tydligvis…

Men eg ante ro, fred og absolutt ingen fare, før eg midt i rutå får ein melding fra øverste hold…

Formen e dritt, du får bare få rævå i gir….

Ofta, så pleie eg å lesa imellom linjene, når “Herskerinnen” av vårt lille univers, sende melding, og gjerna handla der itte … Men, her va det ufattelig få linjer å bli klok på.. Så eg svara bare “Jepp” , og sprang se ein ungkar resten av turen…

 

Akkurat det, samspillet mellom oss mannfolk og Kånå, det e ein merksnodig mekanisme.. Eg trur einkvar mann i ett hvilken som helst forhold, har rivt seg i håret av forvirrelse, forbannelse og avmakt…

Og vica versa…

Eg e ikkje heilt idiot hellår, eg e ikkje så toskjen at eg ikkje skjønne det går andre veien og…

 

Men å forklara denna mekanismen, det e ikkje lett.. Eg vil bildesetta det, bokstaveligt talt, for å gjør ett forsøk på å gjør det litt klarare… Det e ikkje nåke fullkommen åpenbaring av kossen mekanismen virke, men ett lite skråblikk, på ein måte…

 

For ein mann, han e som ein svart/kvitt tv, hverken meir eller mindre… Det e ein av/på knapp, volum og gjerna ein kontrast vriknott.. Skrur man på, går an på.. Vil du ha lyden høgare, må man trykka på volum knappen… Ska lyden ner, den andre volum knappen…

Vil man ha det litt klarare, kan man justera med kontrast knappen…

Enkelt og greit… Stort sett

Eg seie ikkje alle mannfolk e sånn, men grunnprinsippet e som oftast det samma… Me menn e enkle, generelt sett..

 

Kånår…..

Dei e som ein fullblods LED Tv, med fjernkontroll, ein million innstillingar og sjølsagt integrert oppdatering… Ein såkalt Smart-Tv…

Man har endelause innstillingar, og når man endelig har begynt å forstå kossen an virke… Kan man ta fanden på at an i løpet av bare ei natt, så har an oppdatert seg, fått nye innstillingar og man må begynnna å lera seg kossen an virke, heilt på ny…

Det e tusenvis av nyanser i fargeinnstillingar, men og nåken forhånds innstillte… Bare dei e ein håndfull å håndtera .. Du kan f.eks få varmt, dynamisk og kaldt bilde… Men man vett aldri når.. Det kan ha vært varmt bilde, sist gang an va på… Men neste morgen kan det vær kaldt… Ellår omvendt..

Dynamisk, e egentlig det versta… Då skifte det gjerna, nesten uten at man får det med seg. Og plutselig går man på ein smell… Fordi man trudde det va varmt, men så va det kaldt, iskaldt, på grensen te frysepunktet…

Også kan de, pga. feil i programvaren, plutselig gå i lås…

Det e bom stopp… Uansett ka man gjør for og få an på igjen, så e det nyttelaust… Kontakten e i, men strømmen e av.. Lyset e på, men ingen e heima… Og man sitte i total avmakt, uten å finna løysningen…

Man kan kikka i instruksjonsbokå, men sjøl om man prøve alt av forslag te løysning, e det ingenting se fungere…

Te slutt, kan man, om man tør.. Ringa produsenten… Men då ska man ha tungtveiande grunnar te å reklamera, og eg vil sei at det bør vær absolutt siste utvei… Dei kan som regel ikkje hjelpa, uansett…

Det besta e, som regel å dra ut kontakten, la Tv’en vær i fred… Og sjekka litt seinare på dagen… Det pleie å å gjør susen, i dei fleste tilfellene… Og sånn egentlig, bør det vær det man gjør, kvar gang, fyst …

Så kan man heller sjekka bokå, feilsøka og alt det der ittepå… Om an fortsatt e ute av drift…

 

Sånn va det på lørdag, når eg kom heim.. “Tv’en” va gått i lås… Og sjølsagt, erfaren som eg e… Sette eg i gang med å feilsøka…

Når an på toppen av alt, hadde sendt meg ein feilmelding, om at an ikkje va heilt i stryken..

Burde eg jo visst bedre.. Men e det nåke eg kan, så e det å trø i salaten…

Og som sagt, så gjordt..

“Tv’en” eksploderte midt i fleisen på meg… Sikringane gjekk, mildt sagt…

Det lukta Bodå, her ifra og te Moss…

Og altfor seint forstod eg, at her va det bare å forsøka å redda stumpane. Så eg tok eg med meg dei to minste i flokken ut i bilen, drog ut kontakten og lot “Tv’en” få litt ro og fred…

Og kjørte te byen..

Me handla litt lørdags snop, kikka litt på ein butikk og leka litt på ein lekeplass…

Før eg sjekka status’en på “Tv’en”… Se hadde begynt å få fargane tebake, varmen på igjen og støpselet i kontakten …

 

Itte å ha konstantert at det va noenlunde trygt å kjøra heimøve, så tok eg sjangsen på det.. Og så koste oss med barne-tv, spiste litt snop og rett itte ungane va i seng… Sendte eg ett blikk mot “LED-Skjermen” for å sjekka forholdå, og fekk det kalda bildet tebake..

Gjekk på loftet, henta soveposen i kottet, og tusla ut i Bodå…

Og våkna te ein nåkenlunde fungerande “Tv” på søndag… Ikkje totalt renovert, men ivertfall med varmt bilde, noenlunde gjenkjennbare innstillingar og meir eller mindre friskmeldt..

 

For sikkerhets skyld, lot eg an vær i fred heile søndagen… Ellår omvendt…

Eg straffemalte siste veggen på huset, mens Kånå og Flokken kjørte på Viking Gården og koste seg i solå…

For all del, vel fortjent…

 

Te begge to….

 

Både Svart/Kvitt og LED – Tv’en….

 

=D

Dirty Dancing – Quiz’en …

Dirty-Dancing

 


 

Eg vett ikkje heilt ka eg ska sei.. Hadde nåken minuttar ledigt, mens eg sto i kø for å få kjørelistå på jobb… Så då surfa eg litt på Facebook, og datt innom ein sånn quiz..

Ein quiz om Dirty Dancing, av alle ting…

 

Eg tok an, og venta spent på resultatet itte fullført quiz…

Og å sei at eg ikkje har ofra mangfoldige potensielle actionfylte filmkveldar, for Kånå si skyld.. Det ville vært tidenes løgn..

Den filmen, kan eg bakvendt, framlengs, opp ner, baklengs og garantert i søvnå… Eg kan bortimot kvar einaste replikk, utenat.. Eg har drømt om 60′ talls dans, musikk og romantikk…

Eg har våkna illsint i søvnå mens eg nærmast brøle ..

Nobody, puts Baby in a corner…

Eg har tatt meg sjøl i å ta små dansetrinn, inne i skapet på lastebilen, itte ei helg med Dirty Dancing maraton.. Kor Kånå har sett alle filmane, spolt tebake te favoritt scenene og sittet foran Tv’en med ett “grådigt” blikk…

Ett blikk eg ikkje har fått sjøl, siå me va nyforelska, barneløse og fri som trekkfuglane…

Men, se eg har sagt mangfoldige ganger før.. Det e forskjell på og vær toskjen og idiot… Og eg e ikkje såpassa idiot, at eg lar ein bombesikker “Freddan” gå meg hus forbi…

Når Kånå lura på om me ikkje ska sjå Dirty Dancing, for sju hundre og femti nienede gang… Ein fredags kveld…

 

Så at eg tydligvis e “The Ultimate Dirty Dancing Expert” …

Det tar eg med stoisk ro, og e ikkje ett sekund flau, øve å ha scora 100%, på den Quiz’en…. ????????

Screenshot_2016-06-10-08-30-57

 

Ha ein strålanda fredag, folkens…. ????????

Mini’en, Kånå og eg – Eg e gla i deg….

Nok ein liten reprise fra gamle bloggen, kor eg i god tradisjon, gjør som eg pleie… Havna i Bodå.. =D


 

Hehe… E gjedna litt stygt å le o….

 

Men Mini’en fant ikkje roen ikveld … Ellår det vil sei at an gjorde det fyst… Gjekk fint inn på rommet, klatra opp i sengå og la seg fint… Heilt av seg sjøl…

Allerede her burde me jo forstått at nåke ikkje e se det ska…. Men neeeeeida.. Me nyte den tidlige roen og benytta sjangsen te å få dei andre trollå i seng… Ellår Kånå benytta sjangsen, eg gjekk i dusjen … Eg tok meg god tid og hoppa ikkje ut av dusjen, før eg kjente vannet begynte å bli nåke lunka. Eg høyrte Mini’en suttra litt, så eg tenkte eg sko gå inn å synga litt te an, men Kånå sto allerede parat utforbi dørå hans…

 

“Hysj….. Kanskje an bare sovne igjen..” seie hu..

 

Men det hadde gjorde han ikkje, og sette heller igang å grina for full styrke …  Her va det bare og henta an… Har sikkert sovna for tidlig, og bare hatt ein Power Nap… Skjedd før det.. Blei ikkje leggetid før i 11 tiå sist… Men idag, då va det nåke aent… Me tok an opp, og Mini’en gjekk bare hvilelaust rundt i stuå og va ikkje seg sjøl… Sette seg ner midt på golvet og såg ikkje goe ut, sløve i blikket og virka rett og slett litt fortvila ..

Kånå mistenkte at det kunne vær øyreverk, for hu meinte han hadde tatt seg te øyra tidligare idag… Eg nevnte at han gjedna kanskje hadde nåke oppkast på gang, for han va nåke bleike om nebbet.. Mildt sagt…

 

“Då får du finna ei bøtta klar” seie Kånå…

 

Så eg gjorde jo sjølsagt ikkje det, eg hadde tenkt å gjør det… Men det så jo ikkje akkurat prekært ut ennå, så eg surfa litt te på nettet …

 

Det sko eg gjedna gjort, istede for å utsetta det ….

 

Kåna tar Mini’en opp i fanget, og har akkurat lagt han fint innte seg for å trøsta han litt …  Det går 3 sekund… Mini’en snur seg….. Og åpna slusene … Kånå sprette opp….

 

“Kor e bøttå???” … seie hu.. ‘litt’ høgt…

 

Istede for å springa på badet i ein fart…

 

Eg sitte jo å betrakta denna hendelsen, mens eg tenke for meg sjøl, at eg sko nok gjedna hatt henta den bøttå….. Med ein gang…. Alikavel…

 

Kånå står fortsatt midt på golvet…

 

“Kor e bøttå???” Seie hu igjen… Endå høgare enn sist…

“Hu e på badet” Svara eg…

“Fordømrande sosemikkel”.. Slenge hu itte meg..

 

Mens hu trava mot badet… Med spyå rennande nerøve bukså…

 

Eg gjekk på vaskerommet og henta vaskebøttå og moppen.. Med ett håp om å få nok poeng, sånn at eg gjedna endte på pluss siå… I andre enden… Sette igang og vaska… Kånå sto med Mini’en øve pottå på badet…. Mens hu fortsatte og slenga eder og galle mot “Sosemikkelen” i stuå… Altså meg.. Eg forstod raskt at her ska det jaggu meg møkje te for å få plusspoeng… Så eg tenkte nåken rosande ord, gjedna kunne vara te hjelp…

 

“Eg e glad i deg” …. datt det ut av meg…

“Akkurat det gir eg ein stor f…n i nå” va svaret fra badet….

 

Tjera vena meg…

“Eg e glad i deg” .. ?   Av alle idiotiske ting eg kunne ha funne på og sagt så e det, det besta eg kom på… Mens hu står med spya fra topp te tå…. Her e det bara og holda kjeft og vaska ferdig, tenkte eg for meg sjøl.. Og gjorde det…

 

Kånå styra litt te med Mini’en, før hu får han i seng igjen… Fint dandert med håndkler rundt heila sengå…

 

“Hoppe i dusjen eg…” seie hu, når hu lukka dørå te Mini’en..

 

Og gjekk inn på badet…

Eg kjente det knaut seg i magen…  Så gjekk eg og henta soveposen…

 

Og akkurat når eg gjekk ut dørå, på vei ut i Bodå…

 

Så høyrte eg ett brøl, fra badet…

 

“FROOOOOODE!!! … Har du fader meg brukt opp alt varmt va…..”

 

 

Eg lukka dørå og sukka for meg sjøl…

 

“Jaja… så kom mandags smellen idag og” …..

 

Litt seint….. men godt….

 


 

#pappa #gjekkpåeinsmell #igjen #mandag #blogg

Eg, Kånå og Fødestuå(ene) .. ;)

 

Eg har ikkje meir enn nesten slutta å jubla øve 1001 leserar igår, før dåkker gruse den rekorden og. Det e jo heilt sprøtt.

Bare fordi eg blei ein gjengangar i korridorane på fødestuen, og oppretta ein blogg om hverdagen vår. Så gnistra tellaren, øve kor mange som e innom og lese.

 

Det må jo seiast, at eg muligens blei litt for husvarme, der på fødestuen. Sjøl om me ikkje hadde dei samme jordmødrene, kvar gang.

Men du blir jo litt kjente i korridorane, på ein måte. Med Litlajentå fekk me til og med velga favoritt rommet vårast.

Hjølpe meg …

 

Det e gale, når du har favoritt rom, på Fødestuå..

 

Eg huska godt første gangen eg og Kånå fløy avgårde der til, når Eldstemann meldte sin ankomst. Kånå hadde gått å kjent på nåke murring, heila nattå.

Når eg vakna den morgenen hadde Kånå gått rundt i leiligheten vår, heila natta, og kjent på ei murring som liksom aldri ga seg.

Eg spiste frokost, spilte litt playstation og gjorde andre ting som man gjorde, før man fekk barn. Men ikkje gjorde etter etterpå. Prøvde å spør Kånå innimellom, om det va nåke, sko me kjøra på føden, men nei, hu visste ikkje…

 

I ett tiå for me på fødestuå, eg tenkte at om ikkje Kånå visste, så rekna eg med at dei visste. Det versta så kunne skje, va at de sendte oss heim igjen. Men då visste me ivertfall nåke.

Me kom inn, og ein nåke småforvirra turnuslege sjekka forholdå, før hu reiste seg og føyk ut. Hu kom tebake med ei aen, så og sjekka forholdå, altså “åpning”, på fødestue språk.

 

For menn, som e fystereis på fødestuen, e det 3 ting du bare kan begynna å huska med ein gang.

Forholdå, altså åpning, ska vær ca 10 cm før man e klar for action. Alt så skjer før det, e venting, støtting og holding av kjeft. Sei ingenting, om du ikkje blir snakka te og velg dine ord med omhu.

Hjertefrekvensen, te det lilla vidunderet inni der, e nåke du bare må bita deg merke te med ein gang. Det e ein indikator på om det e rier på gang. Når den fyke te himmels, går du te verks med støtting og kalde klut på pannen. Men husk, snakk kun når du blir snakka te, og svar med andakt.

Og husk for guds skyld kamera…

 

Men, nr 2 va altså kommen inn for sjekka, ei meir erfaren tydligvis. For her bar det rett inn på fødestuå, Kånå hadde full åpning.

Halv 4 va Eldstemann ute, og eg satt gjennom våt av svetta, totalt utslitt og mentalt utmatta ved siden av sengå.

Og kikka på Kånå så satt uforskamma frisk og rask og holdt på Eldstemann, mens hu kauka te meg at eg måtte ta bilder.

 

Med Han i midten, va det nærmast samma historien. Men me kom inn tidligt om morgenen, litt klok av skade. For det blei nåke hektiskt med eldstemann.

Kånå lika ikkje å ligga i ro, så hu for tråkka i korridorane, hu syns det va bedre å gå, enn å ligga å kjenna på smertene.

Eg satt på rommet, hadde med meg ei bok, men klarte ikkje heilt å konsentrera meg. Sengå såg fryktelig fristande ut, Kånå va jo ute og gjekk alikavel.

Så eg såg mitt snitt te å få ein liten blund på auga, hadde ikkje sove så mye på nattå, då Kånå hadde stått opp hundre ganger, minst.

Eg trur eg slokna på minuttet, og våkna av ett skrik. Jordmorå sko inn å sjekka Kånå, men fant absolutt ikkje det hu hadde forventa å finna, unda dynå.

Tjera vena meg…

Eg fekk unnskyldt meg med det samma, før Kånå kom hinkande inn dørå, og meinte at nå va det på tide.

Halv 12, va Han i Midten kommen te verden.

 

Litlajentå meldte og sin ankomst om morgenen. Det va avtalt at me sko komma inn på føden i 0800 tiå, så me stilte rutinert opp på tiå.

Fekk velga oss detta berømta favoritt rommet og Kånå gjekk på tur igjen.

Eg la meg ikkje i sengå, men sette meg i ein stol med ei bok, og tok rundetidene på Kånå. Nåke hu ikkje syns va løye, i det heila tatt.

Itte ei stund kom Kånå inn og la seg. Sonder blei plassert på Litlajentå, og eg følgte rutinert med på hjertefrekvensen.

Kånå hadde fått litt stopp i riene på begge dei to fyste, å det samma skjedde her. De diskuterte kor mye de sko setta dryppet på, og når de hadde bestemt seg.

Så brøyt eg inn og foreslo, at eg trudde nok de måtte ett hakk og to te opp. De kikka bare løye på meg, før de marsjerte ut.

Det varte og rakk, men riene begynte å bli svakare. Ei ny jordmor kom inn, sammen med dei to andre så va der sist. Hu sjekka dryppet, sette det 2 hakk opp og nevnte nåke om at det burde de ha gjort, sist de va innom.

Eg smilte litt for meg sjøl, mens dei 2 andre kikka i bakken, når de gjekk ut.

Klokkå 4, skreik Litlajentå, for fyste gang.

 

Mini’en, va det verre med. Den turboen ville ut så altfor tidlig. Heile 6 uker til og med og Kånå hadde vært innlagt i over 2 uker, før det blei bestemt at nå va dagen kommen.

Eg kom innom på ittemiddagen, på visitt. Me visste vel egentlig ingenting, men håpte jo på at de sko setta det igang den kvelden.

Og litt utpå kvelden, kom det ein lege inn.

Det hadde vært litt diskusjon om keisarsnitt, ellår det vil sei Kånå nærmast hadde forlangt det, for å få fjotten ut.

Hu hadde fått sjukehus sjukå, og va drita leie.

Så når han begynte å snakka om ett par dagar te, blei an fort avbrøten av ei småprovosert akutt hissige Kåna.

– Han ska ut ikveld… !!!

Og sånn blei det.

“Når Kånå har bestemt seg, så blir det så” .. gammelt jungelord.. ( Kun dei se har lest Fantomet i barndommen, så tar den =D )

Klokkå 0300 blei han født. Kånå hadde fått epidural, for fyste gang. Og angra seg ihjel for at hu ikkje hadde tatt det på dei andre. Men det va nå forsåvidt litt for seint då.

 

Tjera vena meg… Nå blei det ett heilt aent innlegg enn eg hadde tenkt, men skitt au.

Då har dåkke fått med dåkke det og. For det va dåkke eg tenkte eg sko skriva om idag..

Dåkke se lese, se igjen øverraska med å sletta den nye lesar rekorden, bare 24 timar itte dåkke satte den forrige…

1403

egentlig 2800 og nåke nå, men igjen, detta e ein reprise..  😉

Det e den nye lesar rekorden..

Og det hadde vore jysla gøy, om dåkke stikke innom titt og ofta.. Dele, lika og kommentere..

 

Tusen hjertelig takk, igjen…

=D


#rekord #fredag #helg #fødsel #kånå #mamma #pappa #familie

Ny vaskemaskin – Lett å bli lurt…


(E vel omtrent sånn det ser ut, når Kånene e på vaskerommet ??)


 

Me sko ha oss ny vaskemaskin, den me hadde sang på sista verset.. Men trofast i 10-11 år hadde an vore…

An puttla å gjekk ennå, men stakkaren hadde begynt å gi ifrå seg lydar, se rett og slett ikkje kan tolkast se aent enn at nå seie eg snart takk og farvel, itte lang og tro tjeneste …

Ikkje det at eg har snakka så møkje me an, men Kånå kan detta…

 

Kånå hadde til og med funne ein ny maskin på ett av våre flotte elektromarked her i byen, ein se va på tilbud, til og med. Så me for nå bort for å kikka på detta vidunderet..

Og her må eg bare få sei at eg blei meir enn øve gjønåsnittet øvgidde…

 

De seie at bruktbilselgerar e dei mest uærlige, useriøse og lurne selgerane se finns, men gudhjølpe meg….

Eg e nå ikkje heilt sikker eg altså..

Me gjekk bort te vaskemaskin avdelingen og prøvde å finna detta vidunderet se Kånå hadde bestemt seg for. Ei hyggelige dama kom bort og spurte om me trengte hjelp, og det gjorde me jo… Må jo vita litt om maskinen, før me bestemme oss…

 

Og akkurat i denna fasen av salget meina eg at bruktbilselgerar går hvitevareselgerar ein høy gang. For går du inn ein bruktbil butikk og finne ein dugelige bruktbil, se du kunne tenkt deg. Så e selgaren såpass “ærlige” at han stort sett bare har goe ting å sei om den bilen.

Ja, han har gjerna såpass tro på den bilen, at han ofta kan anbefala an på det høgaste.. Han kan som oftast gi deg litt avslag og, hvis du bare spele litt kostbar og ikkje e heilt sikker på om det e den du vil ha….

Men her står me, og kikke på ein vaskemaskin, ein heilt ny vaskemaskin til og med, ikkje gått ein km eingang…
Også e hu bare opptatt av kor dårlige denna maskinen e…

Eg fekk heilt hakaslepp….

Joda, det står jo at du kan lasta 8 kg i an, men det hadde hu nå ikkje tru på at an kunne takla… Det va jo bara å sjå inni det, møkje mindre lasterom enn den se sto på siå, se sjølsagt kosta dobbelt så mye..

Og hu trudde nok at an brukte felt me strøm, møkje meir enn den på siå.. Og me hadde jo ungar, nei, då va ikkje det maskinen for oss i det heila tatt…

 

Tjera vena meg, me ska nå ikkje vaska ungane i an… Bare kler…

– Nja, va nå den me hadde tenkt oss da .. seie eg…

– Jo, men dåkke får møkje meir for pengene, i den andre maskinen .. kontra hu…

– Men de e jo akkurat lika store??!! .. svara eg… og blei litt lamslått øve min egen logikk..

Då blei det stillt… Men hu kikka nå litt løye på meg..

Sikkert øvgidde av min logiske sans, hu og….

 

Men gubbanoa, det e jo for dumt at du nærmast må gjør selgar jobben sjøl for å få den varen du vil ha, og ikkje den dobbelt så dyre se står på siå..

 

Det e jo ikkje nåke kjekkt å dra med deg den varen heim hellår, også går naboen forbi når du ska bera an inn…

– Kjøpt dåkke ny vaskemaskin?? .. spør an gjedna…

– Ja, men an e ikkje så bra, klara ikkje å vaska 8 kg eingong, å bruka masse strøm … svara jo gjedna du då, se sant va ..

Kan skjønna mangen kjøpe den dyre då, for å sleppa den ydmykelsen …

 

Jaja, me fekk nå lov å kjøpa an te slutt då, ente opp med ein nye tørketrommel og…

Med varmepumpe teknologi..!!?..

Det e jo nødt te å bli ein slager, når me står på lekeplassen å skryte øve den nye tørketrommelen…

– Ja , også har an varmepumpeteknologi !!”..

 

Men, når me får kommen oss te kassen, så komme det sista stikket ifra selgaren …

– Nja, nå ser det ut som om me ikkje har den på lager før om 4 uker då, men den andre har me inne altså?

– Jaja, passa fint det, akkurat då me trenge an, om 4 uker … svara eg… Nåke små trekkt øve heila opplegget…

 

Nei…Takka meg te “Ærlige” bruktbilselgerar!!..

Då vett du jaffal at du blir lurt!!!

;D


 #vaske #maskin #butikk #shopping #bruktbil #familie #tilbud

Jeg har plassert min blogg i Haugesundnorske bloggkart!

Han i Midten og ein skuddsikker plan…

2015-06-10 17.59.01


 

Dei to eldste gutane har begynt å gå heim fra skolen, med vekslande hell.. Ellår det vil sei at Eldstemann stort sett komme rett heim, Han i Midten e det verre med.. Det kan gå opp te ein time itte Eldstemann e kommen heim, før me ser snurten av Han i Midten..

Han kan finna på å ta ein “liten” omvei, men som sånn generelt, e ganske lang.. Det kan vær han har tatt seg ein “kaffipause” hos ein kompis, ellår rett og slett bare går fryktelegen seint heim..  Den siste årsaken, te ein forsinka gut heim, den fekk me vita av Eldstemann. For eg trur ikkje Han i Midten hadde planer om å sei det.

 

” Men igår, kom Eldstemann fyst heim som vanlig.. Det gjekk både 15, og det gjekk 40 minutt, men ikkje tegn itte Han i Midten, oppe i gatå..

 

Kånå sa nå nåke halvhøgt te seg sjøl, itte ei stund.. – Kor i alle dager e den der guten blitt av da ..?  .. – E det Leander du meina.. Svara Eldstemann, litt spørrande men mest bekreftande.. – Ja, såg du an ikkje på veien heim .. ? .. Spør Kånå videre.. – Joda, han sko bare på lekebutikken og kikka, sa han te meg før me gikk fra skolen.. Svara Eldstemann fornøyd..

Som om han hadde scora hatrick, for landslaget i Vm finalen.. Du ser, det e stort sett ikkje noe problem med søsken lojalitet, mellom dei to eldste..

Ikkje ett sekund ein gang.. Kan ein av de anmelda den andre for nåke fantaskap, så blir det gjort.. Garantert..Men mellom Han i Midten, Litlajentå og Mini’en, der e det ein stålmur som må brytast, om nåken ska tysta på den andre, ellår tredje.. Dei e akkurat som De tre Musketerer, Harry Potter, Hermine og Ronny ellår Olsen Banden.. Huset e rasert, men ingen har gjort nåken ting, kanskje det va den katten Han i Midten smugla inn ein gang, prøvde Litlajentå seg med..

 

” Når ein øve gjønåsnittet flott vase Kånå ennå ikkje har savna, blei knust..

 

Men dei to eldste har ikkje den der greiå, dei e som hund og katt.. Kanskje det komme seg når de blir større, forhåpentligvis.. Ellår gjerna det e lika godt, at det e sånn som det e, så finne me fort ut kim så har tjuvlånt bilen, stjåle øl av Fattern ellår andre halvsprøe krumspring, ivertfall..

Men, då e det vel Mini’en som har gjort det, liksom.. Ellår den katten Han i Midten smugla inn..

Men igår, hadde han altså hatt seg ein ekskursjon innom den nye lekebutikken, her me bor, Han der i Midten..  Han sa ikkje ett ord om det, når han kom heim, gjekk bare rundt med ett nåke merkelig flir om andletet.. Og gjekk å vandra litt rastlaust rundt i stuå og kjøkken, før han hukka av fotballsekken sin fra kjøkken stolen, og gjekk målretta mot utgangsdørå igjen.. Uten å sei ett ord..

 

– Kor ska du hen da .. ? … Spør eg..

– Øhh… Eg ska bara opp te ein kompis..

– Kim då… ?

Ehh.. ehem .. – Lukas ? ..

– Vett du ikkje heilt, kim du ska te ?  … Spør eg videre..

– Altså, heeerreguuud pappa, sjølsagt vett eg det… Mens an kikka flakkande på meg..

– Ka har du oppi sekken da.. ? …

– Ingenting… Svara an lynkjapt…

 

“Akkurat såpassa kjapt, at eg blei nødt te å sjekka.. Og der oppe i sekken, låg lommabokå hans.. Med resten av bursdagspengene ..

 

Han hadde altså vært innom lekebutikken, sjekka prisane på nåke Lego, før han jogga heim.. Og planen va å lura seg ner på butikken igjen, kjøpa det han hadde sett seg ut før han smugla det inn på rommet.. Sikkert på samme måte, som han gjorde med den forbaska kjettå, her ein gang..  Uten at me fikk det med oss..

 

Jaja, de e nå herlige .. Dei her rabbagastane..

For eg har jo “aldri” funnet på nåke i nærheten så gale, eg.. Når eg va i den alderen..

Åhh Neeeei, hjølpe meg .. Ka du truur..

 

=D