1 års Jubileum, Donald kul og Heilsprø Planleggingsdager…

fattern

Det har vært ein liten stopp i blogglivet her i heimen, det betyr for all del ikkje at livet våras har stoppa opp, tvert imot.. Her har det gått unna i det sedvanliga forrykande tempoet me e vant med.. Eg har bare defragmentert hjernebarken litt, trur eg..

For slutten på denna ukå har meir eller mindre vært ein høydare, sett med nøytrale auger.. Kor “The hits just have been coming”, det e som om me e forfulgt av Murphys Lov, det som kan gå galt det går galt.. And then some..

Hadde det vært laga ein film om vårt liv, trur eg det hadde blitt ein svart, tragikomisk sorgmunter odysse kor man aldri blei heilt sikker på om man ska bryta ut i full krampelatter eller la slusene åpna seg og grina så kroppen rista..

Eg trur forresten det hadde måtta blitt ein serie, det e for mye stoff te å kunna bli gjenfortalt i ein film, mildt sagt..

 

Her på fredag f.eks. så sko Kånå vær aleina heima med heile Flokken, det va planleggingsdag over heila fjølå.. Det e merkeligt det, kossen skole og barnehage klare å samkjøra seg nåke så inn i granskauen inn, på dei her planleggingsdagane…

E det totalt umuligt for dei her to instansane i ein kommune, å finna kvar sin dag å planlegga på… ?? .. Gjerna med nåken ukers mellomrom..

Men det e vel sannsynligt at dei så sitte å planlegge når planleggingsdagane ska vær, tar å planlegge de på samme dag og då som oftast på ein fredag eller mandag..

Fordi de gjerna e ett ektepar så jobba i kvar sin institusjon, og heilt klart samkjøra detta inn mot den planlagte kjærlighetsturen te Gdansk.. Eg så jobba i transport bransjen, har ivertfall tilgode å finna folk, når eg ska levera i ein barnehage eller skole på ein planleggingsdag..

 

Det kan virka som om det e mye enklare å planlegga i Gdansk, Dublin eller i Malaga .. Når man på ein sein kveld utslitt itte å ha overlevd nok ein spinnvill planleggingsdag, ser statusar på Facebook om lærere og barnehage ansatte i full fyr på ein pub i Dublin, nattklubb i Gdansk eller skumparty i Malaga..

Tjera vena meg..

E det bare eg så føle at planleggingsdagar e fordekte “Gi ein blank F..n i fortvilte foreldre dag” .. For når man i euforisk lykkerus endelig har fått kommen seg på jobb igjen itte ferien, får man sjølsagt trødd ein dobbel dose planleggingsdag midt i trynet 2 uker itte skolestart.. Sjølsagt på ein torsdag og fredag..

Heilt uforståeligt for meg, når man ivertfall i skolen har hatt 2 månader på å planlegge kossen høsten ska forløpa seg.. Barnehagen kan man om man strekke seg litt, gjerna forstå at trenge å samla seg for å planlegga høsten.. Itte ferie avvikling og lite bemanning i løpet av sumaren..

Jaja.. Ein liten digresjon der, men eg blir så eitrande irriterte på sånne inni granskauen lite samkjørte planleggingsdagar, mellom 2 institusjonar så absolutt burde kunna klart å prata ilag..

 

Men Kånå sko ivertfall ha Flokken heima på fredag, hu va høgt oppe torsdagskvelden og alt låg te rette for ein kosedag med Flokken..

“Før fredagen sko treffa na som ein bulldozer midt i fleisen..

Eg hadde nærmast ikkje fått begynt å levera første leveringen, før ei desperat Kåna va på linjå.. Han i Midten spant rundt i heimen, så ein utemma Mustang hingst på prærien.. Han hadde nekta å spisa frokost, nåke så e heilt avgjørande for at han klare å holda loppene i blodet ivertfall på nåkenlunde normalt nivå..

Me e fullt klar øve at Han i Midten kan vær ein “liten håndfull” å håndtera i normal tilstand, men når kroppen ikkje får næring i seg og blodsukkeret løpet løpsk.. Då blir han som ein fullblods Tesla..

Og alle så har prøvd ein Tesla, vett ka eg snakka om.. Det e som om man har 500 HK tilgjengelig med ein gang, te ein kvar tid.. Akselerasjonen e det nærmaste man komme ein rakett tur te det ytre rom.. Man blir trykka bak i setet mens indre organer kjøre karusell rundtomkringfallera inne i kroppen..

“Men ein Tesla går tom for strøm, og må ladast.. Det gjør ikkje Han i Midten..

 

Underveis i samtalen brøyt plutselig Kånå forbindelsen, eg høyrte bare ett

“Neeeeeei… Ikkje Kahler vasen… ” før summetonen peip i øyra mitt..

Då hadde urokråkå tatt ett teppe og sko laga hytta te dei små, men hadde ikkje tatt høyde for lengden på teppet.. Så svingte seg i ein perfekt bue øve stuebordet, og tok med seg vasen i sin ferd over bordet..

Heldigvis blei det bare fryktelig vått på golvet, og ein bukett med roser så tok kveld.. Det e heilt klart god kvalitet, i dei her Kahler vasane..

Utøve dagen hadde den eine hendelsen tatt den andre, men itte han fikk besøk av ein kompis hadde det heldigvis roa seg nåkenlunde ner.. Hvis ikkje, hadde eg sannsynligvis blitt aleinapåvingenpappa resten av helgå.. Heilt klart..

Men når eg kom heim, hadde roen senka seg nåkenlunde i heimen.. Og eg å Kånå avslutta kvelden med litt god musikk, latter og godt i glasset.. Mens hu fortalte om denna heilsprø dagen hu hadde hatt..

 

Så itte ein lørdagsmorgen, kor Flokken forsåvidt øverraska stort og sov synkront te klokkå hadde passert 08:00.. Tok eg å stua “The Crazy Gang”  inn i det grønna vidunderet våras, og sette snuten mot foreldrene mine, så Kånå kunne få litt aleina på vingen tid, og samla seg litt..

Eldstemann ringte underveis for å sjekka om de va heima, det e viktigt å ikkje gi de for mye tid te å tenka seg om, når man ringe å sjekke.. Og Eldstemann e ekspert på området..

“Hei.. Det e Fabian.. E dåkke heima..?

“Hei Fabian.. Ja me e heima vettu..

“Ok, me komme snart.. Ha det… Piip .. Piip .. Piip..

Done deal..

 

Me blei oppringt ei litå stund ittepå, Farmor sko laga middag og lurte på om me og ville ha.. Sjølsagt ville me det..

Men itte ei god stund ringte Farmor opp igjen, og lurte på kor me blei av..

Og det ska eg fortella.. Me hadde meir eller mindre gjordt reint bord på 99% av alle Pokemon stopp, mellom der me bor og Farmor sitt hus.. Det gjekk unna i ett forrykande tempo, og i Aksdal fekk de 2 eldste lov te å løpa litt rundt for å tømma seg litt for Pokemon lopper, før me kom te Farmor..

Dei to minste satt i Bilen og så film.. Men når me va samla tropp i bilen og på vei te Farmor igjen..

Så utbryte Litlajentå oppgitt, og heilt klart irritert øve detta Pokemon styret..

“Åhhh… Nå e eg så dritaleie detta her Pokemon tullet altså.. Nå ska me kjøra rett te Farmor.. Forstått…

“Jaaa… fåstått… Legge Mini’en samstemt te…

Eg har sagt det før, og eg seie det igjen… Av og te må eg kikka 2 ganger, bare for å sjekka at det e Litlajentå og ikkje Kånå.. Det e ikkje tvil om kor hu har henta flertallet av sine elegante gener fra.. Det e ivertfall sikkert så banken..

 

Besøket hos mine skaperar hadde vært meir eller mindre vellykka.. Men itte Eldstemann hadde fått ett anfall av plutselig kjedsomhet og irritert vettet av Han i Midten, Mini’en hadde storkosa seg med Bessen og Litlajentå brukt opp ark og tegnestifter te Farmor. Mens Han i Midten veksla litt mellom å leita itte Pokemon og se på Cartoon Network, så me ikkje har heima..

Så sette me snuten heimøve. Kom det ein klar beskjed fra ei bestemt tutta.. At nå sko me kjøra rett heim, uten så mye som ett einaste Poke stopp.. Basta bom..

“Som sagt så gjort..

Og når me parkerte i gården heima, så kom neste sjokk på perlebåndet.. Me hadde ikkje kommen inn dørå eingang, før Kånå komme i mot oss med ein Donald kul midt i pannen..

Ungane fekk meir eller mindre åndenød, eg endte opp i ein ukontrollert krampelatter.. For all del, det va jo aldeles ikkje nåke å le av.. Kånå hadde holdt på å rydda badegulvet, når hu hadde reist seg litt for fort opp.. Plutselig hadde hu begynt å svimla og mista balansen.. Og gått med pannen rett i baderomsdørå..

Gud hjølpe meg og herrens hærskare…

 

Me ska jo prisa oss lykkelige øve at me fortsatt har na blant oss.. For detta kunne jo gått rektigt så gale.. Men eg klarte rett og slett ikkje å slutta å le, der Kånå stod med verdens største Donald kul i pannen og fortalte hendelsesforløpet…

Til og med Flokken blei øvgidde øve at eg lo, istedet for å vær meir trøstande mot Kånå.. Men eg trur at latteren kom meir av lettelsen øve at Kånå fortsatt va i live, enn øve det komiska utseende.. Eg velge ivertfall å tru det..

Sjøl om eg ikkje heilt klarte å skjula ett lite flir, kvar gang eg kikka på mi vakra Kåna..

“Så satt borte i sofakroken sin med denna berømte kulen, lysande imot meg..

Det e så gale vettu.. Eg tør nesten ikkje tenka på kossen det sko gått her i heimen, om det hadde gått verre.. Grøss.. Aleina pappa for ein Flokk, galnare enn Rakkarungane.. Den serien fra gamle dager så eg såg i barndommen, når eg fortsatt levde i uvisshet øve ka skjebnen hadde planlagt for meg, seinare i livet..

Heldigvis gjekk det bra.. Og eg prise meg jo lykkelige øve at eg hadde såpassa vet i skolten igår, te at eg tok med meg Flokken ut av huset.. Så Kånå sko få roa hjernebarken sin litt, fra Flokkens utvistelige og urokkelige påfunn.. For hadde me vært heima, kunne det sikkert gått endå verre..

 

Forresten så slo det meg idag, at nå har eg faktiskt hatt 1 års jubileum for Jeg Gikk Bare i Boden en Tur..

1 heseblesande år med blogging, familieliv og jobb.. Ett år så har vært heilt sprøtt, egentlig.. For når eg starta denna bloggen hadde eg ikkje i min villaste fantasi trudd at det sko ta sånn av.. Ikkje ett sekund eingang..

At så mange ville trykka liker på innleggene om vår hektiske hverdag. At øve 3300 sko velga å følga oss på Facebook.. Og ikkje minst alle dei sinnsykt kjekke kommentarene dåkke har lagt igjen, i løpet av detta året..

“Herreminguuuud.. Det e så gøy..

 

At det faktisk går an å nå ut te ett publikum og skapa seg ein lesarskare, uten å ha ett spor av kjendis i seg, fra før.. Ingen bilder av ekta eller falske attributtar så friste leserane inn for å ta ein titt.. Ingen sensasjonelle innlegg av den provoserande sorten, bare for å få leserar inn på sidå..

Kun ein genuin glede av å fortella om våre hverdags utfordringar.. Så igjen har truffet ett eller anna hos dåkke leserar, så gjør at dåkke komme tebake for å lesa meir.. Nåken filosofiske betraktninger, i ny og ne.. Men mest hverdagslige gjøremål, fortalt med mye humor, sjølironi og skråblikk fra Fatter’n i heimen..

Det e heilt fantastisk.. At laaaange beretningar om ferieturar, hverdagslige ting, gulrotkaker, sykkelturar og alt slags aent me har funnet på i løpet av detta året.. Rett og slett har blitt lest av så mange..

 

Eg får sei te dåkke leserar, så Tone Damlie alltid sa når hu satt i dommar panelet i Idol, og likte den så sang..

“Eg likar deg… 

Og tusen hjertelig takk… For at dåkke fortsatt e her, trykke liker, dele innlegg og kosa dåkke med våre sprell i hverdagen…

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg